Saman er vi sterkare

Eli Berge Ness om landbruksoppgjeret

Eli Berge Ness om landbruksoppgjeret Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, har siste vekene hatt ein kronikk på trykk i fleire aviser i fylket. Tema for kronikken er framtida for mjølkeproduksjonen.

Han seier utkjøpsordninga viste at mange mindre mjølkeprodusentar med båsfjøs ikkje ser på seg sjølve som ein del ar framtida innan mjølkeproduksjonen. Felde tek til orde for å øfte taket på investeringstilskot til 3 millionar og auke satsen til 50%. Kombinasjonen av tak og høg tilskotsprosent vil treffe bruka med 15-30 årskyr godt. Dette vil også skape byggeaktivitet i bygder i heile landet.

For å få det til, trengst investeringspakke. Felde meiner ein slik investeringspakke må bli ein sentral del av jordbruksoppgjeret komande år.

Dette samsvarar god med det leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag har gått ut med i Nationen fleire gonger, og det er dette Norsk Bonde- og Småbrukarlag har spelt inn på møte med landbruks- og matminister Bollestad på møta om vegen ut av koronakrisa. Eg tolkar difor dette som ein invitasjon til samarbeid om ei svært viktig sak for mindre mjølkeprodusentar med båsfjøs.

Det er flott å sjå at Bondelaget kjem med same argumenta som Norsk Bonde- og Småbrukarlag har fronta. Denne investeringsstøtta må kome på plass så raskt som mogeleg. Skal ein få bygd om dei 4300 båsfjøsa som er i drift fram til 2034, vil det bety at ein må byggje seks fjøs i veka.

Mjølkeutvalet i Norsk Bonde- og Småbrukaralag har vore tydelege på at det må vere minst 50% tilskot til ombygging. Skal ein trygge økonomien til mjølkebruk med færre enn 30 årskyr, må ein samtidig innføre kvotetak på 450.000 l mjølk. Dette har vore eit ønske frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag i jordbrukstingingane kvart år sidan 2014. Blir Bondelaget no med på same krava, så er mogelegheita større for å få det til. Det må leggast til rette får å kunne finansiere ombygging utan krav om auke i produksjon, og utan at ein set seg i så djup gjeld at det ikkje er forsvarleg å gjere slike investeringar.

Får vi vidare med Bondelaget på ei utfasing av kvoteleiga, så er faglaga med og legg til rette for framtidig mjølkeproduksjon også på Vestlandet.

Ein jobb i landbruket gjev to lokale arbeidsplassar. Saman med å auke sjølvforsyningsgraden er dette eit viktig argument for at vi ikkje har ein mjølkeprodusent å miste.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken