Saknar at Varlid og resten av folka i Førdepakken tenkjer nytt

– I seinare tid har mange teke til ordet for at brua over Jølstra til Halbrendsøyra  (tiltak 20) , som alle vil ha, skulle bli flytta lenger opp på prioriteringslista til Førdepakken, skriv Hilde Iren Rivedal.

– I seinare tid har mange teke til ordet for at brua over Jølstra til Halbrendsøyra (tiltak 20) , som alle vil ha, skulle bli flytta lenger opp på prioriteringslista til Førdepakken, skriv Hilde Iren Rivedal. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I Firda 28. september skriv Frode Grimelid om trafikkanalysen som prosjektleiar Erling Varlid presenterte i kommunestyret sist torsdag. Her kjem det i følgje Varlid tydeleg fram at det ikkje hastar å få på plass brua frå Øyrane til Halbrendsøyra (tiltak 20). Dette er gode nyhende for Førdepakken sidan kostnadsramma kjem til å sprekke og tiltak 20, bru over Øyrane kjem til å dette ut av prioriteringslista. Som det står i Firda, har styringsgruppa for Førdepakken nyleg bestemt at tiltak 20 ikkje skal flyttast opp på prioriteringslista. Det vil seie at tiltaket i realiteten ikkje vert omfatta av Førdepakken i det heile.

Varlid presenterer dette som ei gladsak. Ved fyrste augnekast ser det også slik ut. Men eg sit likevel att med ein følelse av å bli prøvd manipulert. Eg skal forklare kvifor. I seinare tid har mange teke til ordet for at brua over Øyrane, som alle vil ha, skulle bli flytta lenger opp på prioriteringslista til Førdepakken. Grunngjevingane er mange. Hovudgrunnen er at tiltaket vil ha stor effekt, det er lite støy rundt valet av trase og den er såleis lett å kome i gang med og få gjennomført.

Med trafikkanalysen som Varlid presenterte i kommunestyret torsdag, kan alle dei som ynskjer bru over Øyrane slappe av. Analysen viser at det ikkje hastar med den brua. Brua over Øyrane kan vente. Ja, det vil seie den kan vente, dersom bruene over Løken og ved Førdehuset kjem, for dei to til saman vil løyse det meste, seier Varlid.

Så då er vi tilbake til utgangspunktet og for mange stridens kjerne, brua ved Førdehuset. Eg er glad for at Varlid har bestilt ei trafikkanalyse der bru ved Førdehuset ikkje lenger ligg inne som 0-alternativet. Men det skulle berre mangle, fleire andre tiltak er både starta opp og er ferdige. Denne brua er på ingen måte 0-alternativet. Tidlegare trafikkanalyse har teke utgangspunkt i at denne brua kjem uansett. Dette er knytt til rekkefølgjekrav i høve utbygging av Hafstad, som i følgje Førdepakken gjer denne brua uunngåeleg.

Sjølv om Førdepakken denne gongen ikkje har brua over Førdehuset som alternativ 0, tek dei brua inn som fyrste tiltak etter veg over Løken (tiltak 12). Då får ein igjen vist at brua ved Førdehuset er viktig for å løyse restutfordringane etter at bru og veg over Løken er bygd ut. Kunne bru over Øyrane (tiltak 20) løyst det same? Det veit vi ikkje, for det får vi ikkje svar på, sidan det ikkje er analysert. Det har ikkje Førdepakken sjekka ut.

Eg som kommunestyrerepresentant og innbyggar i Førde saknar at Varlid og resten av folka i Førdepakken tenkjer nytt. For å unngå stor ressursbruk, øydelegging av området ved Førdehuset og unngå gjennomgangstrafikk i heile Førde sentrum. Eg saknar ein idedugnad og litt nytenking. Eg hadde store forventningar til ny trafikkanalyse. Eg tenkte den skulle innehalde; korleis dei ulike tiltaka kunne stå seg åleine, saman med andre og i ulik rekkefølgje? Kva konsekvens ulike trafikkreduserande tiltak ville gjere for behovet for utbygging av veg i det heile. Kva vegar og kvifor? I staden fekk ein ei analyse som før, med ei årleg trafikkauke på 0,5%, ingen trafikkreduserande tiltak, og med ei fast rekkefølgje som held seg til opphaveleg plan.

Alle veit at økonomien i Førdepakken er dårlegare enn vi hadde håpt på, grunna utbyggingar som får kostnadssprekk og inntening som går ned. Dette gjer til at vi ikkje har råd til alle tiltaka. Kvifor tviheld vi då på det ein bestemte for lenge sidan, som kanskje ikkje treff oss no. No lever vi i klimaendringane si tid, klimaengasjementet si tid og koronanes tid, alt dette påverkar oss. Kvifor ikkje tenkje nytt, opne auga, sjå på ting på nytt, simulere ulike tiltak om kvarandre og sjå kva vi får?

Kanskje vil bruene over Løken og Øyrane løyse dei trafikkutfordringane vi har i Førde no og framover, slik at køyrebru ved Førdehuset kan utsettast til ein god plan ligg føre, eller aller helst leggast vekk og erstattast med ei gang og sykkelbru. Ei gang- og sykkelbru som vi veit vil bli svært mykje brukt og som er svært etterlengta.

SV har i kommunestyret ved fleire høve spurt om å få til ein idedugnad og ein større gjennomgang der vi ser på fordelar og ulemper med alle tiltaka som står att i Førdepakken. Eg opplever at det vi får er presentasjonar, mogelegheiten til å spørje litt, få konkrete svar, små justeringar, analyser som gjev det svaret ein alt har bestemt seg for at ein treng og lite behov for å tenkje nytt.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken