Om russefeiring og russen sitt ansvar

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarViser til reportasje i Firda 17. november om russefeiringa i Sogn og Fjordane. Når eg føler behov for å komme med dette lesarinnlegget, er det m.a. pga. kommentaren frå Arne Johannessen, leiar for politiet i Sogn og Fjordane, der han uttalar: - Eg håpar at russen kjenner sitt ansvar. Min påstand er at "Ja, det gjer dei", men dei får som regel skulda for bråk og hærverk som ikkje-russ står bak.

I byrjinga av mai 2012 var det massevis av oppslag i media om bråk og hærverk på Sanden i Naustdal natt til 1. mai. Dette var ikkje noko organisert russearrangement, men det kom likevel mykje russ, noko som igjen trekte mykje anna ungdom, og mindreårige som slett ikkje hadde noko der å gjere. Det vart bråk. Det vart slåstkampar og hærverk. Ambulansane gjekk i skytteltrafikk mellom Naustdal og sjukehuset den natta. Russen fekk skulda, sjølv om dei som ikkje var russ var overrepresenterte når det gjaldt fyll og hærverk.

Det same var tilfellet i Gloppen nokre år tidlegare. Der russ møttest, kom det mykje anna ungdom som i dei fleste tilfella representerte det som var av bråk og hærverk. Men russen fekk skulda, og måtte ta belastninga med å rydde opp og betale for skadane. I den samanhengen gjekk eg ut i media og forsvarte russen, der eg kom med påstanden: -Om vi lagar eit arrangement berre for russen, var eg sikker på at dei ville verte arrangement utan bråk og hærverk. Året etter var Fylkestreffet for Sogn og Fjordane ein realitet i Breim. Ein stor suksess, som etter det har vore eit årleg arrangement. Dette har vore basert på eit godt samarbeid med Politiet, Røde Kors og brannvesenet. Dei 40 innleigde vaktene var eigentleg ikkje vakter, men vertar som skulle syte for at russen fekk eit trygt og godt arrangement. Samferdselsavdelinga i fylket har i alle desse åra stilt opp med busstilbod for russen basert på «Trygt heim for ein 50-lapp»

Etter kaoset på Sanden i Naustdal natt til 1. mai 2012, stilte Politiet som krav at om det skulle vere aktivitet på Sanden våren 2013, skulle det vere organisert med vakthald. Vi som sto bak Fylkestreffet fekk spørsmål om å ta på oss å vere teknisk arrangør også i Naustdal, noko vi sa ja til. I fire år har vi gjennomført dette arrangementet i eit fantastisk godt samarbeid med politiet med Odd Helge Vågseth i spissen.Samarbeidet har vore med Naustdal og Førde kommunar, og med miljøkoordinatorane på Hafstad vgs. og Mo og Øyrane vgs. Brannvesenet har kvart år stilt brannstasjonen til disposisjon som varmestove for vaktene, og som base for Røde Kors. Dei 40 innleigde vaktene har meir vore vertar enn vakter. Oppgåva har vore å halde det trygt og triveleg for russen.

Politiet har kvart år stilt «mannsterkt», og det har vore kjempefin dialog mellom russen og politifolka. Naustdal Dampbakeri har imponert med å stille med ferske bakevarer til alle som har vore engasjert med arrangementet. Det har rett og slett vore kjekt å vere ein del av desse arrangement der russen i dei aller fleste tilfella har oppført seg heilt eksemplarisk. Foreldra til 9. klasse på Naustdal Barne og ungdomsskule har kvart år vore leigd inn for å rydde opp etter arrangementet, så eg tør påstå at det sjeldan er meir ryddig på Sanden enn etter natt til 1. mai. Begge desse arrangementa har vore lukka arrangement som har vore avsperra med gjerde, og berre russen har sleppt inn.

–Russen må innrette seg etter norsk lov, seier Johannessen. Ja, det seier seg sjølv, og det tør eg påstå at dei aller fleste gjer. Men – lova bør vere lik for alle. Dei same ungdommane kan reise til Malakoff på Eid nokre veker etterpå, bunkre opp med øl og andre drikkevarer og sitte på campingen og konsumere det utan at politiet grip inn. Og kva med andre arrangement som f.eks. Landsskyttarstemnet som var i Førde sist sommar. Kor mange var det ikkje som sat utanfor campingvognene og grilla og koste seg med øl til maten? Og – er ikkje dette fenomen på alle campingplassar, og dei fleste arrangement og festivalar rundt om i landet? I instruksen frå Politidirektoratet heiter det m.a.: «Med tilvising til gjeldande regelverk ber vi derfor om at politidistrikta pålegg arrangørane å søke skjenkebevilling på hele festivalområdet. Dette må også omfatte parkeringsplassar og camper for overnatting»

Korleis skal politiet handheve dette, om lova skal vere lik for alle?

Min påstand er at russen, slik dei har vore dei siste åra verkeleg kjenner sitt ansvar. Dei oppfører seg generelt langt betre enn tidlegare generasjonar med russ. Men dei har, forståeleg nok, behov for å feire avslutta allmenn skulegang. Det kjem dei til å fortsette med uansett. Då er det vel betre å lage til arrangement i trygge rammer enn at det vert mange uorganiserte festar der anna ungdom gjerne er årsaka til at det vert bråk og hærverk. Eg er rimeleg sikker på at dette er det lokale politiet sitt syn også, men byråkratane i direktorata har pålagt dei å gjennomføre noko anna.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags