Er tida moden for endring i ruspolitikken?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevNorsk ruspolitikk er eit emne for stor debatt. Det vert diskutert straffenivå, og det vert diskutert i kva grad ein ønsker å føra ei forbodslinje. Nokre ønsker ein liberalisering i lovgjevinga, både avkriminalisering og regulert legalisering er begge svært aktuelle tema når det kjem til cannabis. Normer og haldningar i samfunnet byrjar å visa ei meir liberal haldning, er tida moden for å tenka i nye banar?

Den meste diskuterte delen av norsk ruspolitikk handlar om ein skal møta brukarar med straff eller helsehjelp. Det handlar først og fremst om å stoppa stigmatiseringa av brukarar med det ein tidvis kan definera som eit helseproblem framfor ei kriminell handling. Per definisjon er ein avhengnad i aller høgaste grad eit helseproblem.

Tydelege konsekvensar av forbodslinja er å skapa grobotn for kriminalitet. Det eine er at eit uregulert marknad gjer at kriminelle aktørar styrer marknaden. Så lenge det er etterspurnad vil det nok alltids finnast tilbydarar. Profitørane i marknaden har for lengst forstått at det er gode pengar å tena, risikoen målt opp mot gevinsten er utan tvil i favør dei kriminelle aktørane.

Den individuelle konsekvensen inntreffe av at bruken er kriminalisert. Har ein allereie etablert eit rulleblad er vegen kortare for å utøve nye lovbrot, samstundes fører den personlege stigmatiseringa til at ein gjerne følar seg plassert utanfor fellesskapet. Man er eit avvik, og utanforskapet i seg sjølv gjer gjerne at ein held fram med bruk av rusmiddel og det kan igjen skapa meir kriminalitet.

Å tilby helsehjelp framfor straff handlar om å sjå mennesket. Å tilby ei utstrekt hand dempar stigmatiseringa og utanforskapet. Det vil skapa ein tydelegare veg tilbake til fellesskapet, og det vil vera eit preventivt sekundærtiltak. Vi må akseptera at det er lov å falla utanfor, men det er viktig å skapa eit tryggleiksnett som hindrar menneske i å falla heilt utanfor.

Rett før jul kunne vi lesa at helse- og omsorgskomiteen på Stortinget hadde fleirtal for ei endring av ruspolitikken. Ein seiar for mennesket, og kanskje òg ein seiar for samfunnet. Problemet er derimot at Frp og KrF, begge vitale parti for Solberg-regjeringa, er imot ei endring. Framstegspartiets konservative haldning til endring i ruspolitikken er meir eit attendesteg enn eit framsteg. Rusmisbrukarar er ikkje folk flest, og rusmisbrukaren vert av Frp plassert i utanforskapet. Stigmatisert av kriminaliseringa og ei manglande evne til å sjå problemet for kva det er, eit helseproblem.

Det største problemet med narkotikum er ikkje at menneske nyttar narkotika. Det største problemet med narkotikum er at kriminelle profitørar styrer marknaden. Dagens politikk gjer ikkje anna enn å tyna brukarane, og løna dei profitørane som tør å ta risikoen. Straffelovgjevinga har på ingen måte stoppa tilgjenge eller etterspurnad, burde vi kanskje velja å takla problemet frå ein annan vinkel?

Den mest openberra endringa vi treng i norsk ruspolitikk er å stogge nyttinga av straff, ivaretaking av mennesket og straffa dei som utøve den verkelege kriminaliteten – Rusmarknaden sine profitørar. Tilbod om helsehjelp framfor straff er eit stort skritt i riktig retning. Kan vi kanskje gå endå lengre?

Det skjer store endringar i global ruspolitikk, særleg når det kjem til cannabis ser vi ei kraftig liberaliserande haldning og lovgjeving i ei rekke land, seinast ut er naboen vår i sør, Danmark. Ved nyttår tredde nye lovar i kraft, medisinsk cannabis er no gjort lovleg. Ein fireårig prøveperiode skal no settast ut i praksis, resultata av den danske liberaliseringa bør absolutt vera noko norske parti bør sjå til når prøveprosjektet skal evaluerast i 2022.

Cannabis for medisinske føremål er noko som kunne hatt noko førre seg, det er vanskeleg å nekta for at cannabis har medisinske verknader, heilt opplagt. Om det er noko norske styresmakter kan semjast i er eit spørsmål som er vanskelegare å svara på. Det finst heilt klart sterke liberale krefter på Stortinget, men det finst òg sterke konservative røystar som set liberaliseringa i revers. Fastlåst kanskje, men det kan fort snu. Endringar i tankar, haldningar og normer knytet til rusmiddel er aukande. Fleire og fleire byrjar å sjå at vi har ført ein forbodspolitikk som ikkje har ført med seg allverdas av resultat. Paradoksalt nok er lovleg cannabis ein flytur unna, og kor lenge kan eit slikt paradoks leva før vi forstår at vi kanskje bør revurdera vår eigen politikk på området?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags