Røde Kors bekymra for dei eldste

Arne Dale i Sogn og Fjordane Røde Kors  er bekymra for at smittevernreglane vert praktisert ulikt ute i kommunane, og at unødig mange eldre vert isolerte som følge av besøksrestriksjonar.

Arne Dale i Sogn og Fjordane Røde Kors er bekymra for at smittevernreglane vert praktisert ulikt ute i kommunane, og at unødig mange eldre vert isolerte som følge av besøksrestriksjonar. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Eit halvt år etter at korona-pandemien stengde ned landet, er det framleis mange som lever svært isolerte liv. Røde Kors er bekymra for livskvaliteten og helsa til alle dei eldre som har få mogelegheiter for fellesskap med andre.

I Sogn og Fjordane tilbyr Røde Kors besøksteneste i dei fleste kommunane. Over 600 frivillige besøksvener går på besøk eller arrangerer populære, sosiale aktivitetar for bebuarar på eldreinstitusjonar og andre eldre som søker fellesskap. Dette tilbodet har vore sterkt redusert det siste halvåret grunna korona-restriksjonar. Dei fleste eldreinstitusjonar er stengt for Røde Kors. Mange har dermed mista viktige tilrettelagde sosiale møtepunkt i livet sitt.

Mange er bekymra

Samtidig syner ei undersøking Opinion har laga for Røde Kors, at annankvar innbyggar er bekymra for at eldre familiemedlemmer ikkje har det så bra for tida grunna koronaen. Av dei 1331 personane som vart spurte i eit representativt utval frå heile landet, er 55 prosent bekymra for at dei eldre i familien har blitt meir einsame. Det er også urovekkande å høyre at ein av ti har opplevd at eldre i familien
ikkje har fått hjelpa dei treng frå kommunen. Dessutan har fire av ti unngått å møte eldre i familien grunna korona – den siste månaden.

Undersøkinga stadfestar at det er grunn til å bekymre seg for alle dei som framleis ikkje har høve til å ha særleg sosial omgang med andre. Dette gjeld spesielt personar som bur på institusjon, og det gjeld dei eldre som av ulike grunnar er isolert i heimen sin. Det er ikkje tvil om at det å ha fellesskap med andre er viktig for livskvaliteten. Sosial isolering kan bidra til depresjon, angst, redsel og uro ifølge Helsedirektoratet.

Ulik praktisering av smittevern

Røde Kors er bekymra for at smittevernreglane vert praktisert ulikt ute i kommunane, og at unødig mange eldre vert isolerte som følge av besøksrestriksjonar. Vi oppmodar kommunane om å jobbe saman med Røde Kors og andre frivillige organisasjonar for å finne måtar å legge til rette for sosial aktivitet på, som ikkje går på akkord med tryggleiken. Vi veit det går. Enkelte kommunar har å funne løysingar for sosial aktivitet som skal vere trygg for alle.

Vi i Røde Kors oppmodar dessutan alle om å syne ekstra merksemd og stille opp for alle dei eldre som framleis lever meir isolerte liv. Dei treng dykk no. Sjølv eit møte på avstand gjennom vindauget er betre enn ingen møte. Kontakt over telefon er betre enn ingen kontakt. Mange har lært seg å møtest andlet til andlet digitalt – vi oppmodar dei som ikkje har prøvd, om å prøve, og be om hjelp om nødvendig. Det er kjekt å sjå barnebarna og oldebarna.

1. oktober er verdas eldredag. Nytt denne påminninga til å tenke igjennom om du kan gjere noko meir for dei utsette eldre nær deg eller om du jobbar i helsesektoren.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken