Treng vi leve i frykt for dom, straff og hemn?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevFrå barnsbein av blir vi indoktrinert med at den «milde og gode Jesus som elskar alle menneske» skal komme att for å døme levande og døde, anten til evig pine i eit helvete eller til himmelsk lykksaligheit. Sjølv barn forstår at her er det noko som ikkje stemmer, og dette har skapt mykje forvirring og frustrasjon gjennom tidene, ja for mykje for enkelte. - Men det står i Bibelen, og har blitt repetert i det uendelege i både kyrkje og bedehus, så då så.

I dag treng vi ikkje lenger gå rundt med frykt for denne usanninga, for sjølvsagt er det ei usanning med rot i ein fryktbasert religion. Det har vi fått mange prov for dei siste tiåra, men kyrkja og hennar tilhengarar ser ikkje ut for å bry seg noko om det.

Stadig fleire menneske i dag «døyr» og kjem tilbake til kroppen sin igjen, både for å vakne og komme inn på rett spor for sin eigen del og for å fortelle vår hardt prøvde verd korleis det eigentleg heng i hop. Vi lever nemleg i ei stor omstillingstid nå der vi må gi slepp på mange gamle ordningar og oppfatningar som vi tidlegare trudde på, oftast av gammal vane, men som har vist seg å verken skape bedre menneske eller ei bedre verd å leve i fordi grunnleggande livsinnsikt og forståing har mangla. Vi har nådd eit historisk punkt der vi er i ferd med å vakne opp til femte dimensjons medvitsnivå. Mange prøver å klamre seg fast til sine gamle oppfatningar, noko som berre fører til endå meir liding i verda. Ein forstår ikkje kva som skjer.

I dei seinare åra er det spesielt tre personar som har skilt seg ut med bøker om sine nær døden- opplevingar. Nevrokirurgen Eben Alexander, anestesilegen Rajiv Parti og den nå indisk-amerikanske kvinna Anita Moorjani. Alle fekk sine liv omsnudd etter besøket i himmelen. Dei lever alle i beste velgåande og reiser jorda rundt og held foredrag, leier seminar og liknande.

Rajiv Parti fekk i oppdrag å slutte som tradisjonell lege og begynne med noko som «lysvesenet» han møtte (Jesus) og erkeenglane Mikael og Rafael kalla bevisstheitsbasert healing. Dette skulle grunnleggast på yoga og meditasjon og hjelpe folk til å bli sin eigen healer. Han skulle spesielt arbeide med personar med ulike former for avhengigheit, depresjon og kronisk smerte utan farmasøytisk medisin. Han fekk alle instruksjonar han trong av desse himmelske vesena. Sjølv var han avhengig av både piller og alkohol då han under sin sjuande kreftoperasjon gikk over til den andre sida. Han skreiv seinare opp sju grunnleggande sanningar han lærte under sitt himmelske opphald: «1. Bevisstheten kan eksistere utenfor kroppen 2. Det finnes liv etter døden 3. Vi har levd tidligere liv, og erfaringer fra disse kan forme vår nåværende virkelighet 4. Vi er alle forbundet med hverandre fordi vi er alle skapt av en og samme energi som manifesterer seg som atskilt materie 5. Guddommelige skapninger eksisterer for å gi hjelp og veiledning 6. Det finnes flere forskjellige bevissthetsnivåer 7. Det finnes en altgjennomtrengende, uforlignelig kjærlighet og intelligens som er hele universets kilde. Denne kilden er skapelsens uforlignelige kilde».

Alle som har opplevd himmelen er opptatt av denne guddommelege kjærleiken hinsides ord. Ingen dom, ingen straff eller hemntankar eksisterer på dette nivået. Det trengst ikkje annan religion enn guddommeleg kjærleik. Som Anita Moorjani seier det: «Under nær døden-opplevelsen var jeg ikke bare fri for den fysiske kroppen min. Jeg var også fri for min rase, min kultur, mitt kjønn og min religion! Jeg hadde kastet av meg alle lag med verdier og trossystemer som det fysiske selvet mitt hadde samlet i dette livet». Det som stod igjen av henne, seier ho, var rein essens, rein bevisstheit, rein Gud. «Kall det hva du vil. Ingen ord kan uansett noensinne beskrive helheten i det jeg følte. Jeg opplevde intet annet enn kjærlighet».

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags