Homofil vigsle

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevElisabeth Hjelle er i Firda 11. februar sint og skuffa over at kyrkja har vedteke å vigsle homofile par. Sjølv er eg berre skuffa over at det enno finst menneske som kan finne på å sette seg til doms over det største av alt, Kjærleiken / Gud. Splitting i kjønn er eit fysisk fenomen. Kjærleiken / Gud er kjelda til alt og strålar gjennom dimensjonane, også gjennom det ytre fysiske skalet.

Har Hjelle i det heile tenkt på kva årsakene til homofili kan vere sidan ho har slik motvilje? Eller er det berre blind motstand mot noko som til no har vore uvanleg og hemmeleg, og som nokon uttalte seg om på den tid Bibelen vart skreven? Faren med å lite så blindt på forgjengeleg tankegods er at ein gløymer å tenke sjølv, og ein står hjelpelaus og forvirra att når endringane kjem. Då er det lett å ty til sinne. Ein gong for mange år sidan hadde eg eit forsvarsinnlegg over måten dei homofile vart handsama på. Det resulterte i ein telefon frå ei illsint misjonskvinne lenger nord i fylket. ”Den skiten skulle vore sparka langt vekk” skreik ho til meg. Det var ikkje så nøye når ho berre hadde ein person for seg i telefonen. Hadde det vore meir offentleg, ville ho nok ha uttrykt seg i meir høvelege vendingar.

Sjølv har eg ikkje noko endeleg svar på kva årsakene til homofili kan vere. Trur dei kan vere mange, men det ein veit er at vi alle har både maskulin og feminin energi i oss. Ei kvinne kan ha så mykje maskulin energi at ho ter seg og kjenner seg som ein mann, og kanskje forelskar seg i andre kvinner. Ein ser også menn som er svært feminine. Så har vi dette med reinkarnasjon. Gammal kjærleik rustar ikkje sjølv om ein kjem inn i ein annan kropp, kanskje ein kropp av samme kjønn som partnaren frå tidlegare liv. Kjærleik spør ikkje etter kjønn.

Hjelle snakkar om avkristning. I røynda har vi ikkje hatt nokon kristendom med Kristus som forbilete. Ein ”kristendom” som vart innført med grov vald har ingenting med Jesu liv og lære å gjere, men det har danna seg maktstrukturar drevne av frykt og kamp om menneskesjelene, og som til tider har utarta seg i den grad at levande menneske i hopetal har blitt brent på bål med kyrkja sitt samtykke.

Dersom kyrkja no har i sinne å fornye seg og løfte seg opp på eit høgare nivå, er det noko av det beste som kan skje, og ikkje noko ein skal motarbeide slik Hjelle og likesinna gjer. Ein talar gjerne om si tru og krev respekt for denne. Min visjon er at alle desse truene skal sameine seg med det guddommelege lyset / kjærleiken og bli til innsikt. Først då kan vi få ei betre verd for alle uansett legning og rase, og i beste fall skape himmel på jord slik meininga var vi skulle.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags