Faste for kropp og sjel

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Lesarbrev«No må vinterfettet av – har ikkje kyrkja noko tilbod eller løysingar på det?
De må vere med i folkehelsetrenden.
Er det ikkje noko som heiter fastetid?
De bør slå til å gje ut ei kokebok; «fastemenyen 2018.»
 

Litt tilbakehalden var eg til ein viss grad med på tankegangen. Er det kanskje det som kunne gjere folk meir medvetne på at kristendomen har faste? Men er det det som er innhaldet i den religiøse fasta?

Sjølvpining, og askese har gjennom alle tider i alle religionar vore ein del av gudsdyrkinga. Det er eit eller anna med det som triggar menneskenaturen. Den som har vore gjennom slike «turar» toler smerte og motgang betre, seiest det. Blir livskvaliteten betre?

Jesus fasta i 40 dagar og netter for å førebu seg til si oppgåve. I Kyrkja er fastetida 46 dagar frå askeonsdag til 1. påskedag. Fordi dei seks søndagane ikkje høyrer med til fasta så vert det 40 dagar.

Å gjere bot er i bibelen knytta til det å faste. Vi les og om dryssing av aske på hovudet.

I nokre kyrkjer held ein fast på denne tradisjonen. Men i hovudsak er ein meir oppteken med å gjere bot, dvs. i den lutherske kyrkja å sanne syndene sine og tenkje gjennom livet sitt. Bøye seg for Skaparen og be om tilgjeving i Jesu namn og få den tilsagt direkte av presten. For å få ein ny sjanse å leve livet på.

I vår tradisjon har fastefokuset endra seg frå eiga sjølvpining og askese til å gjere noko for menneske som treng å kome ut av fattigdom og naud. Det er ikkje for ingenting at Kirkens Nødhjelp sin innsamlingsaksjon vert gjennomført i fastetida, i år 18.-20 mars. Den er inspirert av orda i bibelen hos profeten Jesaja kapittel 58:

«Er dette den fasta eg har valt, ein dag då mennesket plagar seg sjølv, bøyer hovudet som eit siv og legg seg i sekk og oske? Kallar du dette for faste og ein dag etter Herrens vilje?

Nei, dette er fasta eg har valt: å løysa urettferdige lenkjer, sprengja banda i åket, setja undertrykte fri og å bryta kvart åk sund,

å dela ditt brød med svoltne og la hjelpelause og heimlause koma i hus. Du skal sjå til den nakne og kle han, du skal ikkje snu ryggen til dine eigne.»

Ein 2500 år gamal tekst som utfordra då og som utfordrar no. Vi som søkjer tilfredstilling og fred i kropp og sjel på så mange ulike måtar.

Velkomen til fastetid i kyrkjene, til gudstenester som inspirerer til omvending og ny retning for kvardagen. Så munnar fasta ut i festen 1. påskedag, då målet for fasta vert nådd, gong på gong; Nytt liv, nytt håp, forandring og vår.

Faste i kyrkja er noko anna enn sjølvsentrert kroppsfokus. Motivasjonen ligg ein annan stad. Det kan godt hende at konsekvensane av ei kristen faste er at vi vert litt slankare i kropp og, vi treng nok det både eg og han som spurte etter oppskrifta. God faste.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags