Märtha Louise vil få takk og ære

KRITIKK: Tragikomisk blir det når Märtha får kritikk for å vere så hardnakka og ubøyeleg at ho ikkje bukkar under for all kritikken, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå TV-programmet Skavlan der Märtha Louise deltok saman med Shaman Durek.

KRITIKK: Tragikomisk blir det når Märtha får kritikk for å vere så hardnakka og ubøyeleg at ho ikkje bukkar under for all kritikken, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå TV-programmet Skavlan der Märtha Louise deltok saman med Shaman Durek. Foto:

Av
DEL

LesarbrevLaurdag 18. mai kastar Firda v/Knut Magnussen seg på den offentlege mobbekampanjen mot prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett. Det hjelper lite at KM tillegg «naboen» meiningar han sjølv har. Her, som så mange andre stader den siste tida, kjem det tydeleg fram at «hekseprosessane» si tid enno ikkje er over. Denne gong får kyrkja god hjelp av media.

Onsdag 20. mai ser ein i Firda at Hafstad vidaregåande får kritikk fordi dei ikkje gjer nok for å hindre mobbing i skulen. Kva er det som får folk til å forvente meir av barn og unge enn av dei såkalla vaksne? Kvar lærer born i tidleg alder at det er greitt å mobbe andre som skil seg ut på ein eller annan måte?

Tragikomisk blir det når Märtha får kritikk for å vere så hardnakka og ubøyeleg at ho ikkje bukkar under for all kritikken. I min oppvekst var det rekna for uhøfleg og skammeleg å tru at ein hadde nokon eigenverdi. Gjorde ein noko bra, fekk ein gjerne ein spydig merknad om at «du trur du er noko du…», og slik er det enno i stagnerte miljø. I kyrkja lærte vi at mennesket er vondt av natur, noko som vart forsterka av den stadige messinga om «det arme syndige mennesket». Snakk om stor mistillit til dei guddommelege skaparkreftene. Så det vart som det vart på denne planeten. Albert Einstein sa det: Ein kan ikkje løyse problema i verda med same tankemønster som skapte dei.

Det er altså dette Märtha og mange med henne gjer noko med i dag. Tida er overmoden. Mennesket må opp på høgare medvitsnivå, men ikkje alle vil at mennesket skal vekse i ånd og visdom, så dei mørke motkreftene er parate. Barnelærdomen sit djupt i, og ingen fekk vite at mennesket har enorme potensial i seg. Jesus Kristus visste det, men vart aldri forstått, og vi veit korleis det gjekk med han. Bell, som fann opp telefonen, vart kasta i fengsel og skulda for noko dei kalla trolldomskunster, så seint som i 1876. I 2019 snakkar KM framleis om triksing og trylling i samband med utvikling av det menneskelege potensialet. «Hente kaninar ut av ein flosshatt» o.l. Åndsstagnasjonen lenge leve.

Jesus sa: De er alle gudar, og Guds Rike er inne i dykk. I Johs. 14, 12 seier han dette: «Sanneleg, sanneleg det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningar som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen». Her viser Jesus til den kommande menneskelege vekst på jorda. Vi er alle gudar i menneskeleg erfaring. Om ein kallar seg sjaman eller noko anna har etter mitt inntrykk å gjere med kva tradisjon ein veks opp i eller kva miljø ein får opplæring i. Vi har same mål, nemleg vilkårslaus kjærleik på ei himmeljord.

Å kalle det Märtha står for for keisarens nye klede, kan neppe vere meir malplassert. Skal ein kalle noko for keisarens nye klede her, må det vere den gamle religiøse vanetenkinga som aldri har makta å skape ei betre verd, fordi den aldri makta å løfte mennesket. Eventyret om keisarens nye klede handlar nettopp om frykta for å seie eller gjere noko som ikkje alle andre gjer. – Men var det ikkje ei rein barnesjel der som enno ikkje var smitta av denne frykta, og våga å seie det slik det var, at keisaren var naken.

I framtida vil det bli Märtha som får takk og ære for sitt mot og sin innsats, ikkje media med si sensasjonsprega vinkling på alt som skjer, så folk har noko å uffe seg over eller fordøme. Slik spreier ein negativ energi på jorda og ut i atmosfæren. Historia vil gjenta seg så lenge mennesket ikkje hevar seg over dette nivået. Det er slik som dei ofte seier dei som besøker himmelske sfærer og blir sendt tilbake til kroppen sin: Her på jorda er det meste motsett av slik det skal vere. Det må vi gjere noko med.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags