Reiselivet er viktig for kommunane

VEKST: Reiselivet er ei næring i vekst, som skapar arbeidsplassar i ei tid der mange andre næringar seier opp folk, skriv Terje Hansen, styreleiar i NHO Reiseliv Vest-Norge, og Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.

VEKST: Reiselivet er ei næring i vekst, som skapar arbeidsplassar i ei tid der mange andre næringar seier opp folk, skriv Terje Hansen, styreleiar i NHO Reiseliv Vest-Norge, og Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Det viktigaste for kommunane er å ha arbeidsplassar og innbyggjarar som skattar lokalt. Kommunane i Sogn og Fjordane får heile 133 mill. kr i skatteinntekter frå tilsette i reiselivet.

Verdien av å skape arbeidsplassar er eit tema som pregar den politiske agendaen over alt i desse dagar. Norge treng fleire arbeidsplassar, og vi treng å få fleire ut i arbeid. Regjeringa si perspektivmelding viser at Norge treng éin million nye jobbar innan 2060 for å ta unna eldrebølgja. Reiselivet er ei næring i vekst, som skapar arbeidsplassar i ei tid der mange andre næringar seier opp folk.

Kommunane i Sogn og Fjordane får som sagt 133 millionar i skatteinntekter frå dei som jobbar i reiselivet. Dette kjem fram i rapporten «Reiselivsnæringens verdi», som Menon Economics har laga for NHO Reiseliv. Det er meir enn skatteinntektene frå sjømatnæringa (95 millionar), som også inkluderer oppdrett, fiskeri og industriforedling. Reiseliv byrjar også å nærme seg same nivå som personskatteinntektene frå heile prosessindustrien, som ligg på 168 millionar. Med prosessindustri meiner vi kraftkrevjande foredling av tre, metall, mineral og ulik typar kjemisk industri. På landsbasis ser reknestykket slik ut: 4,4 milliardar frå reiseliv, 3,5 millionar frå prosessindustrien og 1,6 milliardar frå sjømatnæringa.

Sogn og Fjordane er ein av Norges mest populære reiselivsdestinasjonar, og fylket blei den store vekstvinnaren i fjor sommar. Fylket hadde den største veksten i tal overnattingar i sommarmånadene. Det er for tidleg å seie korleis sommaren i år blir, men mykje tyder på at turistveksten vil halde fram og at reiselivet si rolle som ein viktig jobbskapar vil få endå større betydning i framtida. Om Sogn og Fjordane vil ha fleire og betre skular, eldreomsorg og barnehagar, må ordførarane satse på dei næringane som har mange tilsette, som reiselivet.

På Vestlandet jobbar nær 30.000 menneske innan overnatting, servering og oppleving. I Sogn og Fjordane sysselset reiselivet over 3400 årsverk. Dette er tal kommunane bør vere veldig opptatt av. For det som brukar å stå øvst på ordførarane sine ønskjeliste, er fleire jobbar. Mange ordførarar trur dei lever av næringar som tradisjonell industri. Det som kjenneteiknar mange industribedrifter, er at dei har store overskot, høg grad av automatisering, men gjerne få tilsette. Kommunane får ikkje skatten frå overskotet til desse bedriftene – den går rett til staten. Det kommunane får, er skatten frå dei som jobbar i bedriftene.

Dei ordførarar som satsar på reiseliv, vil få fleire arbeidsplassar og auka inntekter til kommunekassa. Det fordrar sjølvsagt at lokale styresmakter legg til rette for ein berekraftig vekst som tek omsyn til natur og miljø, og dei som bur der. Den einskilde kommune må sjølv drøfte kva som er rett besøkstrykk og rett balanse mellom fastbuande og besøkande. Internasjonalt blir det spådd at reiselivsnæringa vil å vekse med 50 prosent innan 2030, ifølgje Verdas turismeorganisasjon (UNWTO). Med ei miljømedviten satsing på reiseliv har Norge potensial til å ta ein stor del av denne veksten og skape endå fleire arbeidsplassar, som Norge sårt treng.

Reiseliv er ein viktig sysselsetjingsmotor kring om i norske kommunar. Innan overnatting og servering har sysselsetjinga vakse med 30 prosent dei siste 10 åra. I 2016 og 2017 var overnatting og servering, saman med bygg og anlegg, dei to næringane med høgast vekst i sysselsetjinga. Over statsbudsjettet har bygg og anlegg tatt i mot store, offentlege

investeringar i bygg og veg som tiltak for å smørje økonomien. Tilsvarande satsing er ikkje gjort mot reiselivet, som består av 160.000 årsverk, meir enn oljeboring, fiskeoppdrett og landbruk til saman.

Det viktigaste for landets kommunar er å få unge familiar i arbeid til å busetje seg der. Ein befolkning som bidreg med skatt, er den viktigaste kjelda til å finansiere eldrebølgja og utanforskapen. Reiselivet er avgjerande for å skape bulyst. Bedriftene våre skapar dei sosiale arenaene som gjer til at folk vil bli buande og flytte til distrikta. Ein kommune utan reiseliv vil slite med å halde på innbyggjarane sine.

Før flytta folk der det låg ei stor industribedrift. No flyttar folk der dei vil bu – til stader med jobbmoglegheiter og godt aktivitetstilbod for heile familien. Attraktive bedrifter flyttar etter.

Neste år er det kommuneval. Heile Norge sin befolkning vil ha fleire og trygge arbeidsplassar i sin kommune. Då gjeld det å stemme på dei partia som legg til rette for at hotell, restaurantar, serveringsstader og opplevingsbedrifter skal kunne halde fram å vekse. Vi i NHO Reiseliv står klar til å ha møte og dialog med noverande og framtidige ordførarar over heile landet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken