EØS med på reisa

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Camilla Walstad skriv om fordelane med EØS når du skal på ferie.

DEL

LesarbrevVisste du at EØS-avtalen gjer ferieturen saumlaus for deg som forbrukar og reisande?

Sommaren står for døra og mange nordmenn oppheld seg i utlandet i delar av den. Skal du reise til eit av dei 30 andre landa i EØS-området tek du som EØS-borgar med deg ei rekkje rettar i bagasjen. EU har nemleg arbeidd for å fjerne barrierar mellom land for å gjere det lettare å reise og oppleve. Til dømes:

1. Hugsar du tida då ein slo av mobildata i utlandet for å unngå ei kjemperekning ved heimkome? Inntil nyleg tente mobilselskapa store summar på reisandes mobilbruk i utlandet, men i 2017 fjerna EU alle ekstrautgifter knyta til mobilbruk i utlandet. Det betyr at du står att med same telefonrekning uavhengig om mobilen blir brukt i Norge eller eit anna EØS-land.

2. Veit du kva for rettar du har som flypassasjer? Viss flyavgangen er forseinka eller innstilt, bør du sjekke Forbrukarrådets kalkulator for kva du kan krevje av flyselskapet. Ved forseinking kan du ha rett på mat og drikke eller hotellovernatting, og ved forseinkingar kan du få pengane attende. Rettane gjeld i og frå EØS-land. Dei gjeld også på flygingar til EØS-land dersom du flyge med eit selskap som er registrert i EØS.

3. Er ditt europeiske helsetrygdekort framleis gyldig? Ta det med på reisa og det dokumenterer at du har rett til naudsynt helsehjelp på same vilkår som opphaldslandets eigne statsborgarar dersom du er uheldig og verte sjuk eller skadd på turen.

Vi i Europarørsla trur på ein verd der samarbeid løyse problem. Vi arbeider for eit kontinent med fri rørsle og utstrekte rettar til alle innbyggjarar. Om samarbeid også kan føre til gratis mobilsurfing i utlandet er det ein fin bonus.

God tur!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags