Regionreforma – allereie mislukka?

Magne Aardal, leiar Sunnfjord SV.

Magne Aardal, leiar Sunnfjord SV. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

I den siste tida har vi stadig vorte minna på korleis regionreforma er i ferd med å bli totalt mislukka: Regjeringa vil likevel ikkje flytte makt og arbeidsplassar ut av Oslo. Det vert ikkje noko av å overføre store kulturinstitusjonar til dei nye regionane, og regjeringa flyttar heller ikkje store oppgåver i barnevernet ut frå staten. Det ser heller ikkje ut til at dei nye regionane vil bli valkrinsar i framtidige stortingsval. Og minipartia Venstre og KrF dolkar si eiga reform.

For regionreforma skulle vere Venstre og KrF sin store suksessreform i offentleg sektor. Men no ser det heller ut til at regionreforma er i ferd med å bli ein gedigen fiasko!

Kvifor er det blitt slik? Jau, det var ikkje noko folkekrav at fylkesstrukturen var eit problem og måtte endrast. Det var heller ikkje slik at folk opplevde at fylka utførte oppgåvene sine dårleg. Dei fleste innbyggarane opplevde og at planlegginga og gjennomføringa av reforma var dårleg: Det var ingen plan for kva dei nye regionane skulle ha av oppgåver, og kva for oppgåver staten skulle overføre til regionane. Stort sett var det ingen nye oppgåver dei tidlegare fylka ikkje kunne ha utført på ein god måte.

Dessutan har reforma ikkje fått tilført tilstrekkeleg med pengar til at dei nye regionane kan etablere seg som ei ny organisasjonsreform og tilby innbyggarane gode tenester. Og dei to partia som pressa gjennom denne regionreforma, Venstre og KrF, har ikkje stilt opp for reforma, frå dei partia har det vore stille, pinleg stille.

Og alle kan sjå dei håplause regionkonstruksjonane, der Viken og Troms/Finnmark truleg ikkje har livets rett. Og kva blir då igjen av den store regionreforma? Vestland fylke, utan nye oppgåver, men der fleire og fleire av oppgåvene vert sentraliserte?

I offentleg sektor er og kartet vorte rotete, der ulike område er organiserte på ulike måtar, helseføretaka på ein måte, og politidistrikta på ein annan. Dei nye politidistrikta stemmer ikkje med dei nye fylka.

Det vi ser er at den nye fylkesstrukturen ikkje er meir effektiv enn den gamle. Og slik går det gjerne når ei så stor reform ikkje er skikkeleg planlagt, og når det ikkje er sett av nok tid og pengar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags