Skjemmest over politikarar som selde oss

Av
DEL

LesarbrevKort sagt at vi sov i timen!

I år heiste eg ikkje flagget 1. nyttårsdag. Hadde det ikkje vore for rykta som ville gå, hadde eg heist flagget på halv stong.
At fylket vårt kunne ranast frå oss av sentraliseringskåte styresmakter, her ved duoen Sanner/Mæland, hadde lege i lufta ei god stund, men at Fylkestinget vårt skulle gå i kneståande og bli våre eigne banemenn hadde eg ikkje trudd skulle skje.

Kvalitetssikring er visst ukjent for lokalpolitikarane våre. Vart det gjennomdrøfta kva vi hadde og kom i skade for å misse ved ei samanslåing?

Vart vår spreidde busetnad vurdert som ei plage eller eit gode? Vart våre naturperler rekna som evigvarande utan at lokale initiativ tok vare på dei og vidareutvikla dei? Kvifor la ikkje Fylkestinget ei samanslåing fram for folket i ei prøverøysting?

Eg er stolt av å høyre til Sogn og Fjordane, men eg skjemmest over dei politikarane som selde oss utan å ha fått vår godkjenning til billegsalet!

Det er aldri for seint å snu – om folket vårt vaknar og ser konsekvensane av det vi står i fare for å misse.

Dei kronene som er satsa på fylkessamanslåinga er tapte, men kvalitetane våre, hjartelag og pågangsmot kan ikkje målast i kroner.
Vakn opp, du som søv!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags