Berre ei fylkesgrense?

IDENTITET: Dette handlar ikkje berre om kvar grensa går på kartet, det handlar også om identiteten vår og kvar vi høyrer til, skriv Sander Solheim i artikkelen.

IDENTITET: Dette handlar ikkje berre om kvar grensa går på kartet, det handlar også om identiteten vår og kvar vi høyrer til, skriv Sander Solheim i artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSvar til Linda Regina Bruvik sitt innlegg: Sorry, Sogn og Fjordane. Eg kjem ikkje til å sakne deg.

I innlegget til Linda Regina Bruvik vert alle vi som har hatt eit godt forhold til Sogn og Fjordane, eller kommunen vår, og som hadde trua på desse også i framtida stempla som «sutrete», som ein gjeng som ikkje heilt forstår vårt eige beste. For no, då vi kjem saman med, og blir styrt frå Bergen, då skal alt bli so mykje betre.

Kva er det eigentleg som kjem til å bli betre no då? Sogn og Fjordane si befolkning utgjer om lag 17 prosent av innbyggarane i Vestland. Får Florø og kysten noko meir dei skulle sagt no enn før? Tvilsamt.

Reforma er tvinga igjennom av landet si Høgre-regjering, og kva har eigentleg vi på kysten fått frå denne regjeringa før? Det einaste eg kjem på dei har gjort for oss, er å ta det meste vi hadde av statlege arbeidsplassar i Florø og flytta dei til Bergen, «nærpolitireforma» som den prosessen heiter på fint språk. Vi har då vel fått merke og sjå det siste året kor lett det er å sitje i Bergen å seie at ting ikkje er so farleg her oppe og at vi får klare oss sjølv. Eg trur dette er haldningar vi kjem til å få sjå meir av, ikkje berre hjå politiet, men også hjå den nye administrasjonen i Bergen.

I eit av avsnitta i innlegget er det «Nei til Kinn geriljaen» som får gjennomgå. Det er over 60 prosent av befolkninga i Vågsøy som her blir omtala, dersom ein legg siste folkerøysting til grunn. So sterk har motstanden våre, og so mykje splid har samanslåinga skapt at ein ved nyttår ikkje kunne markere nokon overgang til ny kommune. Fordi ein har framleis ikkje klart å samle folket i kommunen om at dette var noko god idé, men likevel er dei vist ein liten gjeng med pessimistar som ikkje forstår seg på framsteg i følje journalisten.

Ein anna ting som kjem fram er kor fælt det har vore for Florø å bli styrte frå det som blir omtala som ein frukthage i Sogn, Leikanger. Er det blitt slik at utanfor dei store sentruma i fylket har ikkje verken næringsliv, kultur eller busetjing livets rett? Skal vi berre samle alt i sentruma, og dei som ikkje vil vere med, dei får bu igjen ute i distriktet på nåde og klare seg sjølv? Er det kor ofte ein florøværing reiser til ein stad som avgjer om plassen er eigna til å vere arbeidsplassar og busetjing på eller ikkje?

Til slutt vil eg tilbake til oss som sutrar og klagar no. For det er «berre ei fylkesgrense» vi sutrar for? Nei, dette handlar ikkje berre om kvar grensa går på kartet, det handlar også om identiteten vår og kvar vi høyrer til. Men det handlar også om ein ting til, noko heilt vesentleg for alle og ein kvar, for uansett om det er snakk om ein skuleklasse, ein sjukeheim, ein kommune eller eit fylke: dess større systemet rundt oss blir, dess mindre blir vi som enkelt menneske, og dess vanskelegare blir det å høyre kvar enkelt røyst, og sjå kvart enkelt ansikt. Dette synst eg at vi alle skal ta på alvor.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags