SV og regionreforma

Når samanslåinga først er vedteken og vert gjennomført, så vil SV arbeide for eit grønare og raudare Vestland fylke., skriv Åsmund Berthelsen i artikkelen.

Når samanslåinga først er vedteken og vert gjennomført, så vil SV arbeide for eit grønare og raudare Vestland fylke., skriv Åsmund Berthelsen i artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevViser til innlegg frå Raudt i fleire aviser der Sp og SV vert utfordra til å svare på kva partia vil gjere med fylkessamanslåinga.
Både i Sogn og Fjordane og i Hordaland var SV sterkt mot samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane. SV var mot heile regionreforma og røysta konsekvent mot, heilt til slutt i dei to fylkestinga. Og det i motsetnad til Senterpartiet som har røysta for, i båe fylka.

SV har vore mot regionreforma fordi den fungerer som ei sentraliseringsreform og fordi SV meinte regionane og fylka måtte få tilført betydeleg fleire oppgåver FØR fylka vart slegne saman. Dessverre har SV fått rett. Fylkeskommunane har ikkje fått nye, store oppgåver. Nokre nye oppgåver er det, litt meir veg, litt integrering, litt på kultur, men ingen andre større oppgåver frå staten. SV meiner difor at regionreforma ikkje er ei reform som motverkar sentralisering og maktkonsentrasjon, men i staden kan føre til meir sentralisering. Difor er SV framleis kritisk til regionreforma.

Men, når samanslåinga først er vedteken og vert gjennomført, så vil SV arbeide for eit grønare og raudare Vestland fylke. Difor er SV med i eit politisk fleirtal i fylket med Ap, SP, V, KrF og MDG, der intensjonsavtala for Vestland fylke ligg til grunn. SV vil arbeide vidare for at fylkeskommunane får fleire oppgåver og ansvar på fleire område, vidaregåande skule, samferdsle, distrikts- og regionalpolitikk, integreringspolitikk, miljøvern, arealforvaltning, landbruk og kultur.

Det er berre Stortinget som kan endre på fylkesstrukturen vår, og då må det til eit heilt anna fleirtal enn i dag. To forhold kan gjere det aktuelt å reversere fylkessamanslåinga, at det ikkje vert fleire oppgåver og meir makt til fylka, og at det kan gå mot politisk fleirtal for oppløysing i andre regionar. Altså at regionreforma i røynda ikkje vert gjennomført etter intensjonane. Då vil det vere naturleg også å ta opp spørsmål kva som skal skje med Vestland fylkeskommune.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags