Regionreform - tannhelse og målform

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevRegionreforma er viktig og får særleg konsekvensar for samhandling mellom kommunane, regionnivået og staten, og det er difor viktig å engasjere seg i dette reformarbeidet.

Her i Sunnfjord har kommunane no teke steget og vil slå saman kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal. Viser til positive vedtak i alle fire kommunar om samanslåing.

Jølster Venstre vil skryte av Sogn og Fjordane fylkeskommune som har framforhandla ein særs god intensjonsavtale om samanslåing av dei tre vestlandsfylka. Vi støttar planen om samanslåing, men har to punkt vi ønskjer å endre.

1. Premiss om at den offentlege tannhelsetenesta skal ligge til regionane må fjernast

Punkt ført opp under punkt 10 som premiss for Vestlandsregionen, punkt c, omhandlar kven som skal ha ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta. Jølster Venstre er ikkje samd i at dette skal ligge til regionen, men meiner den skal leggast til kommunane.

Tannhelsetenesta er ein primærhelseteneste på lik line med dei andre helsetenester vi har i kommunane i dag som lege, helsesøster, jordmor, psykolog, fysioterapi med meir. Det er då naturleg at tannhelse blir lagt til kommunane fordi oppgåver skal leggast til det lågaste effektive nivå, og det gjeld både for kommunar og region.

Den offentlege tannhelsetenesta har eit særskilt ansvar for dei prioriterte grupper som skal ha ei oppsøkande og vederlagsfri teneste, både førebyggande og behandlande teneste. Det gjeld born, sjuke, eldre, uføre og psykisk utviklingshemma som er under kommunal omsorgsteneste.

Kommunane har òg ansvar for folkehelsearbeid. Tannhelsearbeid krev godt samarbeid med andre helsearbeidarar i kommunane, og då må denne tenesta også ligge på same forvaltarnivå som dei andre primærhelsetenestene.

2. Målforma må vere nynorsk

Jølster Venstre er heilt klar på at målforma for administrasjonen i regionen må vere nynorsk. Dei tre fylka som, jamfør intensjonsavtalen, skal utgjere Vestlandet, som må seiast å vere stor del av kjerneområdet for nynorsk her i landet, og eit stort fleirtal av kommunane har i dag nynorsk som administrasjonsspråk. Den nynorske målforma treng at den i område der den høyrer naturleg heime, også vert nytta i offentleg samanheng.

Det må vere heilt naturleg at nynorsk er målforma i regionsadministrasjonen, når andre store institusjonar som Helse Vest og Statens vegvesen, region vest har nedfelt nynorsk som si målform.

Jølster Venstre vil, i tillegg til desse to punkta, påpeike at det er særs viktig at Vestlandsregionen får overført ansvaret for fleire store samfunnsoppgåver frå staten. Vi meiner at når vi vert ei vesentleg større eining enn det fylkeskommunane er i dag, så er det heilt sjølvsagt at fleire statlege ressursar, etableringar og prioriteringar vert lagt på Vestlandet enn det fylkeskommunane kunne fått til kvar for seg.

Vi vil særskilt nemne satsing på infrastruktur, og kommunikasjonar, og strategisk infrastrukturplanlegging med mellom anna sterkare digital infrastruktur. Då kan ein få nytte tilgjengelege ressursar og kompetanse i regionen, og auke samhandling i arbeidsmarknad og busetting. Det vil skape vekst og utvikling.

Vigdis Tonning

leiar i Jølster Venstre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags