Skrinlegg den distriktsfiendtlege regionreforma

TOMT STATENS HUS? Anders Hamre Sveen fryktarfor framtida til mellom anna Leikanger med regionreforma.

TOMT STATENS HUS? Anders Hamre Sveen fryktarfor framtida til mellom anna Leikanger med regionreforma. Foto:

Av
DEL

LesarbrevPå nettstaden FriFagbevegelse kan ein lese at Leikanger er heilt i toppen når det gjeld sysselsetting i Noreg, og at det i Leikanger sitt tilfelle først og fremst gjeld talet på offentlege arbeidsplassar.

Den skadelege regionreforma vil få store konsekvensar, mellom anna for Leikanger, dersom ikkje stortingspolitikarane i partia som har sett i gang galskapen snarast vendar om, og legg vekk heile den distriktsfiendtlege regionreforma. I FriFagbevegelse sin artikkel står det at 20 stillingar i NAV skal overførast frå Leikanger til Bergen. Dei NAV-tillitsvalde Per Kinden og Siv Dyrnes seier til FriFagbevegelse at dei fryktar at fleire stillingar kan bli borte.

I den same artikkelen kan ein lese at i folk i Leikanger som arbeidar i vegvesenet allereie har starta med å søke seg bort. Dette vesle eksempelet frå Leikanger er berre toppen av isfjellet av det trugsmålet om ein skadeleg sentralisering som no kjem med den særs lite gjennomtenkte nykonstruksjonen Vestland. Denne utviklinga må det kjempast mot, uansett kva for slags regionalinndeling Noreg måtte ha i framtida.

Regionreforma må snarast mogleg leggjast vekk. Arbeidarpartiet har i sitt program ei formulering der dei seiar at dei vil «Sørge for et godt samspill mellom byene og distriktene» og at dei vil «Styrke de regionale virkemidlene (...) som skaper arbeidsplasser over hele landet». KrF har i sitt program ei formulering som seier at «Det er eit mål å legge til rette for busetnad og arbeidsplassar i heile landet». Venstre har i sitt program ei formulering som seier at det er «viktig å fordele makt og ressurser over hele landet». Dersom ikkje desse tre partia snur når det gjeld regionreforma, vert det enda meir klart enn tidlegare at alle desse fine programformuleringane deira eigentleg ikkje er verdt noko særleg, når det kjem til stykke.

Sentraliseringa som stortingsfleirtalet står for må stansast. Sogn og Fjordane treng fleire offentlege arbeidsplassar, ikkje færre.

Anders Hamre Sveen

Nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags