Eventyret om dei tre jentene som skulle leike saman

Av
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Ege Tengesdal.

Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Ege Tengesdal. (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

MeiningarDet var ein gong eit ektepar. La oss kalle dei Erna og Jan Tore. Ekteparet hadde tre born, vi kan kalle dei Jenny, Solveig og Anne Gine. Anne Gine var størst, Jenny var minst. Ein gong sa Erna og Jan Tore til jentene sine at dersom dei var flinke og leika saman, skulle dei få ei fantastisk vakker gåve. Jentene tykte dette var spennande, og dei sette seg ned for å bli samde om korleis dei skulle organisere leiken. Det er ikkje alltid så lett når det er skilnad i storleik og interesser. Dei vart samde, men skulle ta nokre ekstra dagar kvar for seg før dei sa endeleg ja.

Først var det Jenny sin tur til å forklare kva ho tykte var kjekt. Jenny ville gjerne vere ute i naturen, gå på fjellet, på ski, eller vere ute og fiske. Ho likte også å leike heime på garden. Ho var veldig redd for at storesøstrene ville dominer leiken. Men etter å ha tvilt litt sa ho ja til å bli med.

Så var det den mellomste søstera, Solveig, sin tur til å fortelje kva ho ville gjere. Ho ville gjerne bygge med klossar, gjerne oljeplattformer eller store hus. Ho meinte Jenny var så lita og fjern at ho ikkje skulle få vere med på leiken. Det vart berre problem dersom ho skulle vere med. Dessutan hadde Jenny begynt å skrive og snakke på ein måte Solveig ikkje likte. Solveig ville helle leike med Anne Gine åleine. Då kunne dei to storesøstrene finne på mykje kjekt saman. Og dersom det var berre dei to, kunne dei få ha heile gåva frå mamma Erna og pappa Jan Tore åleine.

Men storesøster, Anne Gina, tok ansvar. Dei tre var rett nok ulike i storleik og interesser, men Anne Gine meint dei skulle ordne dette. Ho stod midt mellom dei to andre og gav tydeleg beskjed om at Jenny skulle vere med. Og når dei gjorde som foreldra ønskte, ville gåva heilt sikkert verte kjempestor.

Men så var det slik at Erna og Jan Tore ville lage gåva sjølv. For travle foreldre tar det tid å lag ei så stor og flott gåve. Dessutan fekk foreldra mange besøk i tida dei arbeidde med gåva. Men heldigvis hadde dei tante Sylvi som hjelpte dei. Ho gav tydeleg beskjed om at ingen fekk komme på besøk hos Erna og Jan Tore. Dei fekk heller reise til slektningane sine i Tyrkia og Hellas.

Erna og Jan Tore fekk også eit anna problem å stri med. Dei var ganske rike, men likevel begynte dei å krangle om pengar. Dei hadde rett nok fått hjelp av tante Siv til å halde orden på økonomien, men ho hadde ein tendens til å ville styre for mykje sjølv. I tillegg la ein fetter, Knut Arild, seg bort i pengebruken, og når grandtante Trine gjorde det same, vart det nære på at alle familieband vart brotne. Til slutt vart dei samde, men familieselskapa vart ikkje dei same etter dette.

Så no sit Jenny, Solveig og Anne Gine og ventar, blir det ei eller to gåver? Erna og Jan Tore har sagt at dei må vere tolmodige og vente til våren.

Så ein vakker dag i mai tek nok dei tre småjentene på seg finkjolane, og ein vakker solskinsdag pakkar dei kanskje opp ei eller to gåver som dei har venta på i stor spenning.

Og trur ein i tillegg på julenissen, blir dette kjempestort.

Artikkeltags