Redd bokbåten! Den kan binde det nye fylket saman

I VEKST: Ein kan ikkje legga ned eit tilbod i vekst. Eit tilbod til barn og unge, foreldre og eldre. Eit tilbod til folk som ikkje har offentlege kulturtilbod i sin nærleik, skriv artikkelforfattaren.

I VEKST: Ein kan ikkje legga ned eit tilbod i vekst. Eit tilbod til barn og unge, foreldre og eldre. Eit tilbod til folk som ikkje har offentlege kulturtilbod i sin nærleik, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Bokbåten har overlevd i 61 år, og mange rundar med kutt frå fylkesrådmannen. Det ser altså ut til at det er no, ved overgang til storfylket Vestland, med fylkesordførar frå Senterpartiet og ein brei koalisjon på venstresida, at båten skal ryka. Dette er løftebrot til dei grader!

No må dei slutta å vera politikarar for seg sjølv og administrasjonen, og heller ha lojaliteten sin til dei som stemte dei fram. No må dei verta kreative! Om ikkje dei klarar det sjølv, kan dei lytta til gode råd. Det at dei nyvalde fylkespolitikarane i nye Vestland «redda» båten i desembermøtet på fylkestinget 2019, var ikkje anna enn god, gammal brannsløkking. Ei utsetjing av eit vedtak. Når politikarar bed om ny utgreiing eller sak, er det varsku her! Fylkesrådmannen tilrådde i budsjett for 2020 at bokbåten vert teken bort som teneste. Argumentasjonen var spinkel. Tenesta er utdatert, seier dei. Er ei teneste som er i vekst, og som er populær blant barnehageborn, skuleborn, foreldre og eldre utdatert?

Kulturutvalet hadde saka oppe på sitt møte den 19. mai. Desse partia bad om at tenesta skal fortsetje: Raudt, Frp, Pensjonistpartiet og FNB. Desse partia, som er styringspartia i koalisjonen stemte for ei nedlegging: Senterpartiet, MDG, Ap og SV (!). Dei partia har i samarbeidsavtalen, saman med KrF og Venstre, Bokbåten som ei av dei tenestene dei vil vidareutvikle (s. 9 i den politiske plattforma). Høgre stemte og for nedlegging. Ikkje overraskande. Dei vil jo ikkje ha folk buande i distriktet, berre hytter. KrF og Venstre er ikkje representert i kulturutvalet. No har fylkesutvalet talt, og resultatet er som følger: Dei føl innstillinga frå kulturutvalet, og vil følge rådmannen sitt forslag om å legge ned båten.

Argumentasjonen for å legge ned frå kulturutval og rådmann: Det er eit rikt tilfang av e-bøker (!!), båten treng universell utforming (til no har ingen måtta vere att på land, dessutan slår ikkje det kravet til før i 2025) og at dei treng miljøvennlege båtar i fylkeskommunen. Til samanlikning med katamaranen, så forureinar bokbåten like mykje på ein dag, som katamaranen forureinar på 20 minutt!

Som leiar i Radøy Senterparti er eg djupt såra og vonbroten, som styremedlem i Mobilis (interesseorganisasjonen for mobile bibliotektenester i Noreg) er eg djupt såra og vonbroten, som mangeårig brukar av tilbodet og buande i grisgrendte strøk er eg, ikkje uventa, djupt såra og vonbroten! Eg har vore med som vikar, og sett kor viktig denne tenesta er for brukarane.
Kor mykje kostar det å drifte? I saksframlegget er estimerte driftsutgifter 2,3 millionar.

Vi treng vel ikkje det tilbodet, tenkjer du. Det bur jo ingen der båten legg til, det er forskjellshandsaming at nokon får besøk og ikkje andre, det er ingen som les bøker lenger, det er gammaldags.

Eg seier ikkje at ordninga er heilt perfekt. Kanskje kunne fleire kommunar fått tilbodet, men kommunane må sjølv søkja om å komma inn i ordninga. Filosofien har vore at dei kommunar der dei fleste har eit godt tilbod av sine folkebibliotek i nærmiljøet, har det ikkje vore tilbod. Dette gjeld til dømes kommunar som Fedje, Austrheim, Bergen og Etne i Hordaland.

I Sogn og Fjordane la dei ned tilbodet i 2015. Vonde tunger skal ha det til, at det vart prioritert å legge ein delfinale i Melodi Grand Prix til Florø, og at det difor ikkje var råd til å fortsette drift av båten. Kor mange hugsar den delfinalen no? Eg, fordi den var med på å legge ned eit tilbod. Eit tilbod til barn og unge, til folk i grisgrendte strøk som ikkje har tilbod om bibliotek i sin umiddelbare nærleik. Ein bokbåt for heile det nye fylket Vestland vil vere med på og binde saman kystkultur og felles identitet.

Utlånsstatistikk og besøkstal i Hordaland har dei siste åra vore jamne. Eit utlån på vel 9500 og besøkstal på 4500. Eit stabilt og populært tilbod!

Kva er det som er så fantastisk med denne bokbåten då, tenkjer du?

Bokbåten gjev eit tilbod langt ut over det å låne ut bøker. Det er ei kulturoppleving! På kvart bokbåtstopp vert det vist eit kulturelt program. Programmet har vore mangslunge og variert. Det har vore glimrande historieforteljarar, eminente musikarar, fantastiske skodespelarar. For å ikkje gløyma nokon, kan eg ikkje nemna nokon. Desse kulturprogramma vert tinga av Den kulturelle skulesekken, som har eit ord med i laget i høve utval.

Ein kan ikkje legga ned eit tilbod i vekst. Eit tilbod til barn og unge, foreldre og eldre. Eit tilbod til folk som ikkje har offentlege kulturtilbod i sin nærleik.

Ja, eg veit at økonomien er hardt ramma. Eg veit at koronapandemien har kravd sitt. Like fullt veit eg, at om ein snur seg rundt, og ser på budsjettet på nytt, så kan det la seg gjere. Ein må vere kreativ, og tenkje litt utanfor boksen. Vestland fylke sitt kulturbudsjett er på dryge 300 millionar, og då er ikkje 2,3 millionar så mykje å forlanga for ei så god teneste. Og så er det sjølvsagt, at her må ein jobba opp mot regjeringa og forlanga meir overføringar til det nye storfylket Vestland.
Vis styrke! Redd bokbåten!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags