EØS-bløffen - svar til Unge Høgre

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevDet er i år 26 år sidan EØS-avtalen blei signert. Gro Harlem Brundtland og EU - tilhengarane hadde håp om at EØS skulle bli eit springbrett inn i EU. Men slik gjekk det heldigvis ikkje.

Likevel er bløffen om at vi ikkje får selje varene våre utan EØS-avtalen, blitt ståande. Meir enn 150 land sel varer til EU – utan ein EØS-avtale! Dei må ikkje endre lovverk eller svekke tariffavtalane sine slik vi må. Viss EØS-avtalen blir sagt opp, vil den tidlegare handelsavtalen med EU tre i kraft, i samsvar med § 120 i avtalen.

EØS-motstanden er aukande, ikkje minst innan fagrørsla. Kombinasjonen av EU sine fire fridomar; flyt av varer, tenester, personar og kapital, og at landa i Aust-Europa kom med i EU i 2004, har ført til storstilt arbeidsinnvandring, omfattande sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

I tillegg kjem mengder av direktiv og forordningar, der alle tenester og viktige samfunnsmessige oppgåver skal ut på anbod; alt frå postombering til vegtransport (kabotasje) og velferdsoppgåver . I løpet av 25 år, har Noreg tatt inn 11.400 EU-reglar, og om lag 1/3 av alle norske lover er endra som følgje av EØS-avtalen.

Unge Høgre vil ha debatt om EØS-avtalen med SP som motstandar. Det må dei gjerne, men eg trur både Raudt og andre parti på venstresida, vil vere med i den debatten.

Det som blir spanande i tida framover, er kva avtale Storbritannia får med EU. Det vil kunne få konsekvensar for Noreg sin tilknyting til EU om dei får ein betre avtale enn den EØS-avtalen vi har med EU i dag.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags