Raudt vil at fellesskap fungerer, ikkje alle vil det …

Av
DEL

Lesarbrev

Det er ingenting som forsterkar forskjells-Norge meir enn auka arbeidsløyse. Fast jobb er ein føresetnad for ein trygg og føreseieleg kvardag. Det er ein auke i økonomiske og sosiale skilnader i Norge. Raudt kallar det forskjells-Norge, og det er vår største utfordring som samfunn.

Generasjonen som veks opp i dag er den første på over hundre år som risikerer å ikkje få det betre enn sine foreldre. Ikkje fordi vi er fattigare enn før, men fordi velstanden er urettvis fordelt.

Korona-krisa har igjen vist oss maktforholdet mellom fattig og rik i dette landet. Ved inngangen til juni var det registrert heile 6,1 prosent arbeidslause og heile 12 prosent av arbeidsstyrken permittert (nav.no).

I mai var det 15 000 permitterte som ikkje fekk utbetalt dagpengar frå NAV fordi dei blei trekt for forskotteringa dei hadde fått. Forskotsordninga frå NAV vart oppretta slik at permitterte og arbeidsledige skulle få økonomisk støtte i påvente av at søknadar om dagpengar vart behandla.

Fleire permitterte reagerer på at innkrevjingssystemet er oppe og går før utbetalingane kjem. Raudt reagerer på det same.

Vi har sjølvsagt forståing for at det vart utfordrande for NAV når det kom inn 35.000 søknader om dagpengar etter nedstengninga av Norge i mars. På den andre sida ser vi at det rullar ut milliardar av krisepakkar til bedrifter, krisepakkar som ikkje er like treffsikre.

Finansminister Sanner har sagt at det ikkje er mogeleg med millimeter-rettferd i ei slik krisetid som korona-krisa som råka landet. Raudt er for så vidt einig i det, men vi ser at økonomiske ordningar til arbeidslause og permitterte vert innretta med millimeter-justis som eksempelet med at innkrevjingsordninga på forskot på dagpengar vart så raskt etablert at det førte til at dei som venta på dagpengar fekk 0,- utbetalt i fleire meldekortsperiodar våren 2020. Dei som hadde det vanskeleg frå før har fått ein endå vanskelegare kvardag.

Raudt meiner at dette er eitt av mange eksempel på undertrykkande og rigide ordningar, reglar og retningslinjer utført på vegner av regjering og storting.

Vi ser det same i Raudt sine forsøk på å betre velferd og levekår for til dømes familiar som i kortare eller lengre periodar tek imot sosialstønad. I slike saker vert barnetrygd og barnebidrag rekna inn som inntekt i utmåling av sosialstønad, medan for alle andre barnefamiliar i Norge vert det ikkje rekna som inntekt.

Igjen: dei som har minst frå før skal få enda mindre! Raudt meiner dette er dårleg fordelingspolitikk!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags