Rassikringsmidlane må tredoblast

Nasjonal Rassikringsgruppe vil arbeide inn mot Regjering og Storting for å få penger til å sikre dei mest rasfarlege vegaene i komande Nasjonal Transportplan.

Nasjonal Rassikringsgruppe vil arbeide inn mot Regjering og Storting for å få penger til å sikre dei mest rasfarlege vegaene i komande Nasjonal Transportplan. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Ramma til rassikring må tredoblast for å få sikra dei mest rasfarlege vegane våre i løpet av ein 12-årsperiode.

Denne veka var eg med Nasjonal Rassikringsgruppe på synfaring i Troms. Vi såg på rasfarlege strekningar og møtte personar som fortalde om korleis manglande rassikring av vegnettet er ein fare for liv og helse. Stengde vegar - på grunn av fare for snøskred og steinras - er også svært begrensande for utvikling av næringslivet. Det skapar stor usikkerheit, gjev store økonomiske tap og er lite forutsigbart for varetransporten.

En ny rapport om forseinkingar på veg som er utarbeidd av Menon Economics, estimerer verditapet til heile 20 mill. årleg på grunn av stengte vegar, berre for sjømatnæringa i Nord-Norge.

Behovet for rassikring av riks- og fylkesvegene er enormt. Det er kartlagt eit behov på over 70 milliardar i heile landet. Finansieringstakten er i dag alt for låg, og held på ingen måte tritt med rasutfordringane. Nasjonal rassikringsgruppe meiner difor at dagens rammer må tredoblast. Det må til for at vi kan fjerne dei mest kritiske raspunkta i løpet av planperioden for Nasjonal Transportplan 2022-33.

Der også et sterkt behov for at det også i framtida blir gjennomført registreringar av skred på veg i alle rasfylka. Vi treng ein oppdatert nasjonal oversikt over det totale skredsikringsbehovet på fylkesveier og riksveier. I dag er det uklart kven som har ansvaret for å koordinere dette arbeidet, etter at Statens Veivesen vart splitta opp. Samferdselsdepartementet må ta eit koordinerande ansvar for å bestille oppdatert skredsikringsbehovsrapport for riks- og fylkesveg for ferdigstilling i 2023. Framover vil Nasjonal Rassikringsgruppe arbeide inn mot Regjering og Storting, i tiden som kjem, for å få pengar til å sikre dei mest rasfarlege vegane våre i komande Nasjonal Transportplan.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags