Rassikring og trygge vegar – ikkje Hordfast og fjordbruer

Einar Rysjedal

Einar Rysjedal Foto:

Av
DEL

LesarbrevRassikring og tryggare vegar eller raskare transport mellom Sunnhordaland og Bergen (Hordfast)? Det er hovudproblemstillinga som fylkestingsmøtet 12. mai må ta stilling til. Raudt si fylkestingsgruppe sitt val er rassikring og tryggare vegar.

Saka handlar om Vestland fylkeskommune si innstilling til Nasjonal transportplan (NTP). Sentrale styresmakter har bedd om innspel. Fleirtalet i fylkesutvalet har til all lukke innstilt på at fylkestinget skal prioritere rassikring og tryggare vegar framfor Hordfast (i motsetning til FrP og Høgre).

Då vil ikkje statsminister Erna Solberg vente på innspel lenger. Ho kallar det ei ulykke om ikkje Hordfast blir ein realitet. Dette er oppsiktsvekkjande – statsmakta ber om innspel, men tek til orde mot innspel som ikkje samsvar med det som statsmakta sjølv finn for godt. Om det ikkje er oppsiktsvekkjande så er det i alle fall diktatorisk.

Raudt går mot Hordfast og monsterbrua over Bjørnafjorden som dette alternativet til 40 milliardar kroner inneber. Vi prioritere liv og helse gjennom at vi heller vil bruke pengane på rassikring. Raudt aksepterer ikkje den miljø- og naturøydelegginga som Hordfast inneber. Vi stiller oss bak Naturvernforbundet og Miljøvernforbundet i denne saka.

Nokon har ymta frampå om at Vestland kan få både Hordfast og rassikring. Det verkar utenkjeleg og det er oppsplittande på fylkesutvalet sitt fleirtal. Dersom Vestland i Nasjonal transportplan skulle få meir pengar enn kostnaden med rassikring inneber, vil det vere meir enn nok andre utbetrande prosjekt å bruke pengane på. Raudt vil ikkje prioritere auka fart, meir trafikk, fjordbruer og naturøydeleggingar. Valet vårt er rassikring, liv og helse.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags