Rasisme er ikkje noko val

Tea Volle, Vestland Sosialistisk Ungdom.

Tea Volle, Vestland Sosialistisk Ungdom. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Du kan ikkje velje om du vil tru på rasismen eller ikkje, for den er der uansett. Du kan ynskje å benekte, ynskje å sjå vekk, men det hjelp ingenting. Rasismen er der uansett kva vi tenkjer og ynskjer. Den kan ikkje benektast. Den er ikkje noko val.

Likevel, så har vi faktisk eit val. Eit utruleg viktig val. For kva for eit samfunn er det vi ønskjer oss? Ønskjer vi eit samfunn kor alle ser vekk frå rasistiske strukturar fordi dei ikkje vert ramma sjølve, eller ønskjer vi eit samfunn kor alle tar tak? Kor alle jobbar saman for å skape ei verd med like moglegheiter for alle?

Fordi det hjelp lite å tenkje at man er antirasist. Uansett kor mange som tenkjer det, hjelp det lite om vi ikkje viser det med handling. Det treng ikkje vere snakk om så mykje. Berre eit hei og ein invitasjon til eit besøk kan gjere mykje. Å seie ifrå om at rasistiske «spøkar» ikkje er greitt. Å snakke med ungane sine om at alle er like mykje verdt. Det spelar eigentleg ikkje så mykje rolle kva du gjer.

Det viktigaste er at du gjer noko. At kvar enkelt av oss gjer småting som saman skapar eit betre samfunn. Som saman viser at rasisme ikkje er greitt. Det er så ekstremt viktig at du ikkje sit stille i båten og tenkjer at alt ordnar seg. Fordi det gjer det ikkje. Det er ingenting som berre ordnar seg. Nokon må ordne det. Ta valet ditt. Vel å kjempe, vel å slost. Saman gjer vi slutt på rasismen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags