Verdsdagen for psykisk helse: «Viktig å gje seg tid. Både til seg sjølv og andre»

TID: Med tanke på psykisk helse so er det viktig å gi tid. Både til seg sjølv og til andre. Det er viktig å gi seg tid til å leve, og oppleve, skriv artikkelforfattaren. Torsdag er verdsdagen for pyskisk helse. Illustrasjonfoto.

TID: Med tanke på psykisk helse so er det viktig å gi tid. Både til seg sjølv og til andre. Det er viktig å gi seg tid til å leve, og oppleve, skriv artikkelforfattaren. Torsdag er verdsdagen for pyskisk helse. Illustrasjonfoto. Foto:

Av
DEL

MeiningarÅrets tema på verdsdagen for psykisk helse er «Gje Tid», og det er noko eg gjerne vil seie nokon ord om.

Med tanke på psykisk helse so er det viktig å gi tid. Både til seg sjølv og til andre. Det er viktig å gi seg tid til å leve, og oppleve. Det er viktig å gi seg tid til å ta vare på seg sjølv, til å gjere ting ein likar, som roar ned eller gir ein energi i ein travel kvardag.

Det er viktig å gi seg tid til å gjere livet verdifullt. Gi seg tid til å ta vare på øyeblikka. Om ein først er dårleg, so må ein gi seg tid til å bygge seg opp igjen. Ikkje berre stresse med å nå toppen på første forsøk, for då blir fallhøgda so stor, men gi seg tid til å bygge grunnmuren som står støtt når den neste stormen kjem, og bygge trinn for trinn so det blir enklare å ta stega oppover neste gong.

Det er med andre ord viktig å gi seg sjølv tid, både gode og dårlege dagar. Det er dessutan viktig å gi andre tid, gi tid til både gode og dårlege dagar der og. Gi andre tid til å nyte øyeblikka, gi dei tid til å vere. Gi tid til å dele både gledene og sorgene med nokon.

Og det er veldig viktig å gi tid til dei som verkeleg treng det. Gi tid til dei som er so langt nede i mørket at dei ikkje ser overflata. Gi tid til dei som ikkje eingong klarar å be om det. Det er ofte dei som treng det mest. Det å gi tid er på ein måte den største gåva du kan gi nokon. Du gir litt av livet ditt, og du får det aldri tilbake, men det gir oss kanskje noko å dele nettopp den tida med nokon.

For dei som treng det mest so er det heller ikkje alltid so nøye kva ein gjer, berre ein er der og gir tid. Gir merksemd. Det å ta seg tida til å sjå nokon betyr ofte mykje for den som denne gongen blir sett. I vår stadig travlare kvardag so er det eit poeng å stoppe opp og gi seg tid til å sjå folk rundt seg. Gi seg tida til å prate, lytte og berre vere. Gi seg tid til å bidra til ei bitte litt rausare og varmare verd, for me er mange som treng den.

Eg kan også seie litt om kvifor det har vore viktig for meg personleg å få dele litt tid med dykk i dag. Eg har vore av dei heldige som har fått tid, som har blitt gitt tid og som har brukt tid på å komme meg hit eg er i dag. Det meste av mitt vaksne liv har gått føre seg utsida av det vanlege samfunnet. Mykje tid har blitt brukt bak stengde gardiner medan angsten og depresjonen har fått herje rimeleg fritt med meg.

Eg har budd 11 år på Sandane i denne omgang, flytta tilbake i 08, men det er først dei siste par-tre åra eg har begynt å vise igjen. Først no eg er ute i jobb, først no eg dukkar opp som bidragsytar på ymse kulturtilstellingar. Først no eg har gitt meg sjølv tid nok til å bygge ein solid nok grunnmur og mange nok små trinn til klare å klatre oppover.

Det er veldig mange som har gitt meg tid undervegs i den prosessen. Veldig mange som har gitt meg langt meir av tida si enn eg følte eg fortente, og det har vore so viktig for meg at nokon har gjort det. At eg såg, at eg blei sett. Nokon gav meg tid sjølv då eg var lengst ute. I dei dagar angsten hadde meg i eit so hardt grep at eg gjerne brukte eit par timar på å snu meg og stå opp dersom eg vakna med ansiktet vendt mot veggen.

Dagane då utmattelsen var so dominerande at eg ikkje orka å gå tjue meter til postkassa og tilbake utan å kvile på turen. Eg var so utsliten at eg grein av alt. Bestenotering må vere då livet gjekk i grus fordi eg reiv ned og knuste noko medan eg laga mat. Det var eit knekkebrød. Eg hadde fleire, so det var ikkje krise, men eg har sjeldan grine meir.

Folk gav meg av tida si då eg var innlagt på psykiatrisk, og dei ikkje eingong visste om dei fekk lov til å sjå meg. Men dei kom, og eg veit at dei var der. Dei gav meg av tida si. Folk gav meg av tida si då eg gjentatte gonger prøvde å bidra til sjølvmordsstatistikken. Her til lands er det nesten 600 registrerte sjølvmord årleg, og det er alt for mange, so ta vare på kvarandre. Gi tid til kvarandre.

Det mange treng er berre at nokon ser dei, og er der med dei. Det er faktisk betre å sjå i veggen når ein gjer det lag med nokon. Berre det å føle at nokon vil bruke tida si på deg. Ikkje føle at ein er i vegen. Det finst ingen lettvint måte å få ting til å bli bra på, ein må gi tid der og, men det hjelpe å berre vere.

Eg for min del har det bra no. Faktisk betre enn nokon gong tidlegare. Har blant anna nyleg feira eitt år i fast jobb igjen, og det etter 15,5 år på utsida av arbeidslivet. På vegen tilbake igjen dit har eg og blitt gitt tid. Gitt tid til å prøve og feile, og det har fungert. I tillegg til at eg har gitt meg tid, og at folk har gitt meg tid, so har det teke tid. Men det har gått bra. Og det er håp, sjølv etter mange år der eg berre ville at det skulle stoppe. Livet altså. Ting kan gå bra.

So ja, det er viktig å gi tid. Til fleire. Til gode og dårleg dagar. So gi gjerne bitte litt meir tid til det som betyr noko for dykk de og. Det gir positive ringverknader me alle treng. Og takk for at de har gitt meg litt av tida dykkar ved å lese dette. Eg håpar den tida har vore verdt det.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags