Pride og forteljinga om Sodoma og Gomorra

PRIDE: Ragnar Bull fargelegg sitt syn på Pride ved å vise til Bibelen og forteljinga om Sodoma og Gomorra.

PRIDE: Ragnar Bull fargelegg sitt syn på Pride ved å vise til Bibelen og forteljinga om Sodoma og Gomorra. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– I dag, når partileiarar kappast om å toge fremst i prosesjonen og tusental føl etter under mottoet «Alt er love», er det vel bortimot straffbart å kome ei slik antyda tilrettevising, skriv Ragnar Bull.

DEL

Lesarbrev«Eller som det var i Lots dagar ... same vis skal det vera den dagen Menneskesonen syner seg.» Luk 17. 28 og 30.

Ja, korleis var det med seksualmoralen då Lot levde? Første Mosebok, kap. 19, fortel oss om korleis det var, og korleis det skal vere før Jesus kjem att. Ein dag kom det gjestar til Lot, og han sa m.a. til dei:

«Gode herrar, ver med tenaren dykkar heim, gjev dykk til der i natt og vaska føtene! ... Men før dei hadde lagt seg, kom folket i byen, mennene i Sodoma, unge og gamle, og slo ring om huset. Dei ropa på Lot og sa til han: «Kvar er mennene som kom til deg i natt? Lat dei koma ut til oss, så vi kan få viljen vår med dei!»

Lot kom med eit heilt utruleg tilbod for å skjerma gjestane sine og ikkje gjere skam på gjestfridomen: han ville sende ut dei to døtrene sine. Men det gjekk ikkje mennene i Sodoma med på, dei ville ha Lots mannlege gjestar som sine seksualpartnarar, og prøvde difor å trengje seg inn i huset til Lot for å henta gjestane ut. Men Gud vildra synet deira slik at dei ikkje fann døra.

Noko tilrettevising frå ein innflyttar ville mennene i Sodoma slettes ikkje ha:

«Bort med deg! Her kjem denne framandkaren og vil bu hjå oss, ... og så gjev han seg til å vera dommar!»

Neste dag utsletta Gud Sodoma og nabobyen Gomorra, to byar som vert nemnde i Bibelen som døme på grov synd og Guds straffedom der dei låg på bredda av dauden sitt hav.

I dag, når partileiarar kappast om å toge fremst i prosesjonen og tusental føl etter under mottoet «Alt er love», er det vel bortimot straffbart å kome ei slik antyda tilrettevising.

Men slik skal altså stoda vere før Jesu atterkome.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags