Prideparade – verkeleg fri!

VANSKELEG: For ein del enkeltpersonar er nok dette eit vanskeleg tema, og bør samtalast om på ein seriøs måte. Men den utvikling som pridebevegelsen har tatt er ein farleg veg å gå, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå paraden i Førde.

VANSKELEG: For ein del enkeltpersonar er nok dette eit vanskeleg tema, og bør samtalast om på ein seriøs måte. Men den utvikling som pridebevegelsen har tatt er ein farleg veg å gå, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå paraden i Førde. Foto:

Av
DEL

MeiningarPrideparadar blir arrangert forskjellige plassar rundt om i landet. No også i bygdene og mindre byar som blant andre Førde. Både politikarar og media helsar dette velkommen.

I Førde var også politiet med i toget med over 10 uniformerte politifolk representert. Hovudargumentet for å støtte pride er at det har vore gjort ein del urett mot dei homofile, og eg er einig i at ein ikkje skal mobbe folk. Mellom anna synest eg det er forkasteleg å bruke ordet homse som skjellsord.

For ein del enkeltpersonar er nok dette eit vanskeleg tema, og bør samtalast om på ein seriøs måte. Men den utvikling som pridebevegelsen har tatt er ein farleg veg å gå. Organisasjonen som kallar seg Fri brukar sterke verkemiddel for å fremme sine mål. Bevegelsen prøver å endre samfunnet på brei front! Alt frå barnehagar, skular, universitet, politikk og media. Dersom skular også skal vere med i slike tog lurer eg på: er dette frivillig for tilsette i skulen? Og endå meir, er det frivillig for elevane om dei vil delta eller ikkje?

Grunnen til uroa mi er at bevegelsen har vore veldig pågåande i å hevde rettar som dei meiner å ha! Spesielt at dei krev å ha rett til å ha stillingar i kyrkja og hevdar seg rett til å få barn. Det er nemleg ingen menneskerett å skulle vere prest. Å få barn er sjølvsagt heller ingen menneskerett. Det er noko du får. Ei gåve. Dei som kallar seg Fri fornektar vel også retten til liv, den aller første og grunnleggande rett. Utan liv kan ein ikkje snakke om nokon menneskerett.

Vårt frie samfunn er bygd på Bibelen og den kristne tru. Eg håpar at det framleis er mange som meiner at Bibelen og kyrkja skal vere ei korrigerande og rettleiande kraft i samfunnet! Bibelen er livets instruksjonsbok. Der står det at menn ikkje skal ligge med menn og at kvinner heller ikkje skal leve med kvinner.

Homobevegelsen brukar ofte eit vers frå Bibelen om at størst av alt er kjærleiken. Det er eit fint vers, men må ikkje takast ut av sin kontekst. Dei gløymer då at kjærleik er meir enn eros. Kjærleiken er frå Gud vår skapar. Bevegelsen vil tvinge fram rettar som ikkje er ein rett, og kalle noko fridom som ikkje er fridom. Å gje folk inntrykk av at fri utfalding på det seksuelle området er fridom, er direkte uansvarleg og villeiande, og her meiner eg at politikarane har eit stort ansvar.

Valfridom til sex mellom kjønna er også stikk i strid med bibelen. Vi er skapt til mann og kvinne, og biologien viser at mann og kvinne passar saman. Reproduksjon er dessutan umogeleg utan heterofilt samleie. Organisasjonen Fri misbrukar ord og symbol for å fange menneske i noko som skal sjå flott ut. Vi har fått fridom til å gjere eigne val og ta sjølvstendige avgjerder. Då må ein også vere seg bevisst at dei val ein tar har konsekvensar.

Har ein valt ein partnar av same kjønn har ein eigentleg valt bort å få barn. Det er biologisk umogeleg! I moderne tid er det blitt gjort mogeleg på unaturleg vis. Resultatet er såra menneske som gjerne må bere fram born for andre. Og born som ikkje kjenner sitt opphav. Då er vi langt på viddene i ufred og sorg.

Dette er våre styrande menn og kvinner med på å tvinge fram! Kampen står vel i hovudet for dei fleste som skal ta sine val i livet! Det er slik at vi alle, enten vi kallar oss kristne eller ikkje, kan gjere ting som sårar og bedrøvar andre. Vi treng å få tilgjeving, og vi må også kunne tilgje andre. Det er eit viktig Bibelsk prinsipp.

Eg trur vi er i ferd med å miste noko veldig viktig i dagens samfunn. Respekten for Gud vår skapar. Eit samfunn utan Gud er eit samfunn i forfall. Det speglar seg igjen i oppløysing av familiar, tomheit og angst og fleire ting som held samfunn og menneske nede. Vi har blitt oss sjølve nok, kan det sjå ut som. Men heldigvis er det håp i sikte. Han som har skapt oss, har også gjeve oss eit evig håp om noko betre. Det gjeld berre at vi vender om, til Han som er mellommannen mellom Gud og menneska. Så kan Han forandre oss frå innsida.

Om Jesus står det i Johannes-evangeliet kap. 8. vers 36. Får no Sonen gjort dykk frie, so vert de verkeleg frie. Ta ein tur på nærmaste sommarstemne der du som menneske kan møte Han som verkeleg kan sette fri.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags