Brev ei økonomisk tyngsle for Posten

FORFALL: Ikkje veit eg kva som er grunnen til forfallet. Kan det vere ei rimeleg hypotese at Posten har gjort seg om til ei datamaskin som ikkje kan få gjort noko om adressa på brevet har ein liten feil? Som står evnelaus om postnummeret er 6800 og ikkje 6811? spør artikkelforfattaren. Bildet er frå  Postens Østlandsterminal på Lørenskog.

FORFALL: Ikkje veit eg kva som er grunnen til forfallet. Kan det vere ei rimeleg hypotese at Posten har gjort seg om til ei datamaskin som ikkje kan få gjort noko om adressa på brevet har ein liten feil? Som står evnelaus om postnummeret er 6800 og ikkje 6811? spør artikkelforfattaren. Bildet er frå Postens Østlandsterminal på Lørenskog. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet var ein gong dette landet hadde noko som heitte Postverket, ein etat som var til å lite på. Dei hadde einerett til å levere folk den posten innbyggjarane skulle ha. Feil hende sikkert då òg, men ikkje i sånt omfang at folk kvidde seg for å sende eit vanleg brev.

No heiter vesenet Posten. Det er eit konsern, eit aksjeselskap i statleg eige. Det Posten skal utrette, er delt opp i divisjonar og ni selskap, og alle har sin del av arbeidet med å få brev og pakkar dit dei skal. Ni selskap til det som eitt vesen klarde før, endå til under norsk namn.

Heile mylderet er i stadig endring. Selskapa skifter namn så snart nokon veit kva dei heiter. Eit av dei har fått ein så kryptisk etikett som Bring Parcels, fortel Wikipedia. Det er omdøypt frå Pan Nordic Logistics. Ingen skal risikere den tunge mistanken at selskapet høyrer heime i Noreg, med staten som eigar. Posten og alle dei underordna selskapa skal no, etter EU-direktiv, leve under konkurranse. Eit storverk i treninga for eit nytt liv har visstnok vore å få rett farge på bilane – nokre er grøne og andre raude – og å skifte farge tidsnok. Det står kanskje konsulentar bak?

Erik Solheim

Erik Solheim Foto:

For eit par år sidan kunne Posten melde noko heilt nytt. Dei hadde rekna seg fam til at landet har ingen privat mottakar som det løner seg å levere post til. Tidlegare var den gruppa som gav tap, fem prosent av husstandane. No har vi altså alle hamna i den same, mørke båsen. Kvart brev i kassen er ei økonomisk tyngsle for landet og Posten, og verst tyngjer konvolutten i utkantane. Då er det lett å tenkje at Posten tener mest pengar når dei ikkje gjer jobben sin? Dei får porto og tilskot frå staten, utan at breva kjem fram.

Mine mistankar har konkrete grunnar. For over fire veker sidan vart det postlagt eit brev i Sogndal med mitt namn og adresse. Postkasse står rett nok i ville utkanten, fem kilometer frå Førde sentrum. Men ofte finn dei han. Ei lita veke seinare vart eit nytt brev sendt, og eit tredje for vel to veker sidan. Ikkje nokon av dei er komne fram. Det eine fekk sendaren i retur, med påskrift om at adressa var ukjend. Der stod 6800 som postnummer, ikkje det nye, 6811. Eit fjerde brev vart sendt frå Oslo, også for eit par veker sidan, utan å nå fram.

På spørsmål svarde ei høfleg dame på næraste post i butikk at brev som ikkje kjem fram, har dei ikkje sjanse til å finne igjen. Det er ingen stad å spørje; slik post er det uråd å spore. Breva har enda i eit svart hol der ingen har tilgang. Det vil seie, kanskje er det grunn til eit lite håp. Ved jonsok fekk eg takk for eit julebrev eg hadde sendt eit halvt år i førevegen, med rett namn og bustadadresse. Men mottakaren hadde fått seg postboks, nokre hundre meter unna. Meir skulle ikkje til før Posten var ute av stand til å bruke eit einaste lokalkjent hovud.

Det er lysår av kompetanse til den historia ein kamerat i Oslo fortalde. Han fekk eit brev frå utlandet, påskrive namn og så Oslo, ikkje meir. Det kom fram nesten i rett tid. Dette er ein del år sidan, men ikkje så mange at Oslo var ein liten by i landet.

Ikkje veit eg kva som er grunnen til forfallet. Kan det vere ei rimeleg hypotese at Posten har gjort seg om til ei datamaskin som ikkje kan få gjort noko om adressa på brevet har ein liten feil? Som står evnelaus om postnummeret er 6800 og ikkje 6811?

Det verkar som eit revynummer ingen ville vere i stand til å skrive om det ikkje verkeleg hadde hendt. Eg får mistanke om at leveransane med skipostruta over Haukelifjell, ei rute som varde til 1950, var sikrare enn det Posten presterer i dag. Men rekningar og slikt klarer dei å handtere bra.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags