Ei reform som går på helsa laus

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevHelseføretak over heile landet protesterer mot at Posten ikkje lenger vil levere biologiske prøver på laurdagar og krev no at regjeringa finn ei løysing.

Frå 1. mars i år skal det vere slutt på postombering på laurdagar. Avisredaktørar har allereie fått gjennomslag for at aviser framleis skal bli køyrde ut. Viktige sjukehusprøver som blodprøver, skal derimot bli liggande til måndag. Dette er ikkje godt nok.

I Spesialishelsetjenestelova sin formålspragraf (§ 1-1) står det mellom anna at «Lovens formål er særlig å (...) bidra til å sikre tjenestetilbudets kvalitet», «bidra til et likeverdig tjenestetilbud», «bidra til at tjenestetilbudet blir tilpasset pasientenes behov» og «bidra til at tjenestetilbudet blir tilgjengelig for pasientene». Med tanke på desse formuleringane, kan eg ikkje skjønne noko anna enn at regjeringa må snu og gjeninnføre postombering av viktige sjukehusprøver på laurdagar.

Stortingsfleirtalet vi har hatt sidan 2013, innførte EU sitt siste postdirektiv, noko som har svekka krava til posttenestene. Men Posten Norge AS er framleis et statseigd konsern, og det er framleis Stortinget som er lovgjevande organ i Noreg. Det finst med andre ord ingen grunn til at helseføretaka ikkje skal få det som dei vil i denne saka. Regjeringa er ei mindretalsregjering, så utfordringa må difor no gå til alle partia på Stortinget: Tving regjeringa til å få tilbake laurdagsposten. Dette handlar om liv og helse!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags