Positivt engasjement for Murihagen

FRAMOVER: Murihagen er eit prosjekt som ser framover og som søkjer mot eit meir urbant og heilskapleg bustadkonsept enn det som er i nærområdet i dag, skriv artikkelforfattarane.

FRAMOVER: Murihagen er eit prosjekt som ser framover og som søkjer mot eit meir urbant og heilskapleg bustadkonsept enn det som er i nærområdet i dag, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

BOB sitt bustadprosjekt på solsida i Førde fekk Reidun Skei og Esther Skei Klausen til å skrive eit innlegg som vart publisert i Firda 29. mai. Dei viser eit sterkt engasjement for byutvikling og nabolag i Førde. Dette har vi til felles og vi er glade for at naboane engasjerer seg!

Debattinnlegget deira løfter fleire problemstillingar om parkering, tal på bueiningar, høgde på bygningar og storleik på uteområda. Mykje av dette jobbar vi allereie med å justere, etter den nyttige høyringsrunden i vår. Samstundes er fleire av kommentarane frå Skei og Skei Klausen feil eller upresise, noko vi treng å korrigere.

• Forfattarane fryktar at fleire hyblar vil gje stor gjennomtrekk av folk:
Vi skal ikkje byggje 10 bustader som også skal ha hyblar, men nokre av rekkehusa kan ha utleige i delar av huset i dei fasane av livet der ein treng ekstra pengar.

• Forfattarane meiner at bebuarane i rekkehusa får dårlege uteområde mot trafikkert veg:
Rekkehusa får primært uteområde inn mot gardsplassen og fellesområda, men vil også få forhage vendt mot sola og Hornnesvegen, for å skape eit godt gatemiljø.

• Forfattarane er uroa for at det er for få parkeringsplassar og meiner Murihagen berre tilfredsstiller sentrumskravet for parkering:
Kravet til tal på parkeringsplassar i Murihagen tilfredsstiller kravet for sone 2 i Førde, ikkje krav til Førde sentrum.

• Forfattarane meiner leikeplassen er for liten og berre tilfredsstiller kravet til 25 bueiningar:
Jamfør den kommunale norma skal det etablerast ein kvartalsleikeplass på minst 500 kvm i bustadfelt med 25 einingar eller fleire. Dette er varetatt i planen. Norma stiller også krav om ballplass innan 500 meter rekkevidd for kvar 100 bueiningar. Det er allereie ballplass på Haugum (cirka 250 meter frå Murihagen), noko vi har teke høgde for. Fylkesmannen har kome med merknad om at vi bør lage større leikeplass til dei maksimalt 75 bueiningane som blir i Murihagen. I det nye planforslaget vårt vil vi føreslå ein større del av uteområdet til leikeplass.

Framtidas bustader: Murihagen er eit prosjekt som ser framover og som søkjer mot eit meir urbant og heilskapleg bustadkonsept enn det som er i nærområdet i dag. I dag er Hornnesvegen og Bergum eit område som er prega av ein god miks av eldre og nyare einebustadar, rekkehus og blokker. Med sykkelavstand til Førde sentrum, tomter med flott utsyn over Førdefjorden og god soltilgang, er det her rom for å imøtekome kommunens overordna strategiar om fortetting i Førde.

Intensjonen til BOB og Tippetue Arkitekter med Murihagen er å ta omsyn til kommuneplanen, og samtidig legge til rette for varierte bustader og eit godt bustadmiljø. I arbeidet med planforslag er offentleg ettersyn eit viktig aspekt som sikrar medverknad. Dei uttalene og merknadane som er fremja er med på å forme det endelege planforslaget. Dette arbeidet held på no!

Parkeringsplassar: For Murihagen blir det, som eit resultat av innspela som har kome, arbeida vidare med blant anna byggjehøgd og volum. Talet på parkeringsplassar er etter tilrådd norm frå kommunen. Innspel om behov for fleire plassar vil bli vurdert før ny innsending av planforslaget. Det skal også etablerast eit nytt fortau oppover langs Stranda som vil hindre kantparkering.

Skei og Skei Klausen kommenterer at politikarane har stemt fram ein plan som legg til rette for dårleg bukvalitet. Vår erfaring er at folk har ulike preferansar og ulik ressurstilgang. Murihagen vil tilby ulike bustader, frå rekkehus til 2-, 3- og 4-roms leilegheiter. Ein slik kombinasjon har rom i seg til å skape trivsel for alle grupperingar og opnar for at ein kan kjøpe seg opp eller ned i areal alt etter livssituasjon og utan å flytte.

Det er også lagt til rette for etablering av utleigedel i rekkehusa. Utleige er valfritt og ein opsjon for lettare tilgang til lånefinansiering. Denne moglegheita opnar for at nyetablerte familiar kan kjøpe ein større, meir langsiktig bustad. Etter kvart som familien aukar eller økonomien vert betre kan utleigeeininga innlemmast i hovuddelen, og når barna flytter heimanfrå og plassbehovet minkar, kan delar av bustaden igjen leigast ut. Rekkehusa er på cirka 150 kvm, som for dei fleste er ein romsleg familiebustad.

Trivelege fellesareal er med på å skape eit godt bustadmiljø. I Murihagen vil alle bygningane vende seg mot eit sentralt felles uteområde med til dømes leikeplass, plantekasser og benkar, som skal invitere til fellesskap mellom bebuarane. I høyringsrunden fekk vi innspel på at det er for lite uteområde per bueining. Vi arbeider no med å utvide dette. Uteareal og bumiljø er ein viktig prioritet for oss.

BOB og Tippetue Arkitekter gjer no dei siste endringane med planforslaget før vi sender det inn igjen til endeleg handsaming i Sunnfjord kommune. Vi meiner dette er eit svært godt og framtidsretta prosjekt i dette flotte området på solsida i Førde for både framtidas bebuarar – og naboar.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags