Gå til sidens hovedinnhold

Sanninga om yoga

Artikkelen er over 3 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg vart mildt sagt sjokkert då eg las framsida på Firda tysdag 27. februar der pastor og FRP-leiar i Fjaler, Magnar Hellesøy, uttalar seg om yoga. Artikkelen peikar på at det skal vere ei slags kopling mellom yoga, hinduisme og tilbeding. Eg stiller meg spørjande til måten artikkelen framstiller yoga på.

Les bakgrunnen: Åtvarer mot yoga - vonde ånder kan ta bu i deg

I 2008 reiste eg til Pondicherry i India for første gongen for å arbeide med eit etnologisk feltarbeid om livskvalitet. I over to døgn reiste eg med tog gjennom heile landet frå sør til nord. Vognene var fulle av venlege hinduar, buddhistar og muslimar. Nokre av dei diskuterte høglydt. Andre sov. Nokre spelte kort på dei blå sengene i kupeane. Somme kjøpte te, kjeks og bananchips av seljarane både i og utanfor toget. Og atter andre sat stille for seg sjølve og såg utover det knusktørre landskapet.

I løpet av opphaldet fekk eg høve til å vere med på eit yoga kurs (Isha yoga) i Pondicherry. Eg kan med ein gong slå fast at yoga ikkje er Hinduisme. Hinduismen er ein religiøs tradisjon med eigne ritar og skikkar. Yoga og meditasjon handlar meir om å bli eitt med seg sjølv og å finne jording. Yoga kan praktiserast innan både jødiske, kristne, muslimske, buddhistiske og hinduistiske tradisjonar, men er ingen av dei. Øvingane baserer seg på erfaringsbaserte undersøkingar (empiri), ikkje av ein bestemt person, men av tallause personar over tusenar av år.

I 2016 vart yoga innskriven på UNESCO si liste over menneskeheita si immaterielle kulturarv. UNESCO sine vurderingar talar for seg sjølv, sitat: «Filosofien bak den gamle indiske praksisen med yoga har påverka fleire delar av det indiske samfunnet, anten det er snakk om område som helse og medisin, utdanning eller kunst og kultur. Yoga handlar om å foreine sinnet med kropp og sjel for auka mentalt, åndeleg og fysisk velvære. Desse verdiane blir oppfatta som svært viktige i det indiske samfunnet. Yoga består av ei rekkje stillingar, meditasjon, kontrollert pusting, mantrasong og andre teknikkar, som er utforma for å hjelpe folk til å realisere seg sjølve, lindre lidingar og gi kjensle av frigjering.» (Kjelde: https://ich.unesco.org/en/RL/yoga-01163)

Eg reknar dermed med at dei fleste forstår at påstandar om samanhengar mellom yoga og vonde hinduistiske ånder og fjernsynsprogrammet «Åndenes makt» fell på si eiga urimelegheit. Kva blir det neste? At du kan bli brun av å ete for mykje sjokolade?

Kommentarer til denne saken