Meir til fleire?

Av
DEL

LesarbrevI Firda laurdag 09.02. kan vi lese at politikarane i region Vestland skal få 2,5 millionar meir i godtgjersle enn det politikarane i fylka våre har hatt.

«Dagens budsjettrammer i dei to fylkeskommunane vil ikkje vere tilstrekkeleg», seier prosjektleiar Rune Haugsdal.

Eg reknar med at dette ikkje kjem overraskande på fylkespolitikarane. I så tilfelle lovar det svært dårleg for økonomistyringa i den nye regionen. Det må bety at dette er ei bevisst prioritering av dei same politikarane.

Vi er mange som er skeptiske til denne nye regionen, og vi i utkantane er redde for å få dårlegare tilbod og lang reisetid for å kunne nytte oss av nødvendige tilbod.

Eg håpar oppslaget i Firda kan tolkast positivt. Kan ein auke postane til politikarane så mykje, så kan vi vel vente at postane i andre sektorar blir auka tilsvarande? Regionen skal vel styrke tilbodet til innbyggjarane, ikkje inntektene til politikarane?

Om ikkje, gjer det meg endå meir skeptisk til at dette vart køyrt gjennom utan at politikarane ville høyre kva vi «vanlege» folk meinte om det.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags