Venstre i regjering, ressurs eller hemsko?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevI dag fortel nyhenda at statssekretær Sveinung Rotevatn (V) ønsker fri innvandring. I siste avsnittet modererer Rotevatn seg og seier at i jobben rettar han seg etter sjefen (Listhaug), for dei er eit team.

Ein statssekretær skal vel førebu statsråden sitt arbeid, samle opplysningar og sortere dei, slik at statsråden ikkje treng gjere alt førebuingsarbeidet sjølv. 

Problemet mitt er at så lenge statsråden og statssekretæren hennar har ulike agendaer, er det duka for konfliktar som ein burde kunne hindra. Lojaliteten følger ikkje alltid status og lønsslippen. For Venstre har det vore eit mål å få Listhaug bort frå innvandringsarbeidet, og med Rotevatn i posisjon, kan ein vere nærare det målet.

Det er ein fundamental skilnad på «mest mogleg fri innvandring» og «ei kontrollert innvandring». Skilnaden kan innebere om vi skal kunne oppretthalde velferdsstaten og makte å integrere dei nye som kjem.

Eg ser også at Venstre fekk Regjeringa til å gå imot full væpning av politiet. Om ein kunne ha utgreidd væpning med elektrosjokkvåpen, vert ikkje sagt. For Venstre sine representantar får vi vone dei ikkje blir utsette for situasjonar der politifolka ikkje kan ta kontroll grunna mangel på skytevåpen. Pistol i bilen eller på hofta kan bety liv/død for mange.

No var det vel ikkje fleirtal for full politivæpning i Stortinget, men Venstre sin åleinegang i regjeringssamarbeid verkar illustrerande for spørsmålsstillinga i overskrifta.

Om Venstre vil «skreve lenger enn broka rekk», står att å sjå. Oppslutnaden på gallupen verkar ikkje særleg optimistisk.

Men eg er avventande optimist.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags