DEBATT: Venstre skapar nye arbeidsplassar

I REGJERING: Gunhild Berge Stang (V) vil bruke regjeringsmakta til å betre sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande.

I REGJERING: Gunhild Berge Stang (V) vil bruke regjeringsmakta til å betre sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande. Foto:

Av
DEL

MeiningarArbeidsplassar er viktig både for kvar enkelt av oss og for samfunnet som heilskap. Venstre er stolte av gjennomslaga vi har fått for å bidra til å skape nye arbeidsplassar over heile landet. Vi treng eit arbeidsliv der alle har høve til å delta med sine evner, uansett funksjonsevne og bakgrunn, og der kunnskap, innovasjon og ansvar for fellesskapet står sentralt.

Næringslivet må gjennom ei stor omstilling for å nå opp i ein internasjonal konkurranse og for å redusere utsleppa våre. Framtidas arbeidsliv må vere smart, grønt og inkluderande. I 2018 vart det skapt 56.000 nye jobbar. Sysselsettinga har auka med 70.000 personar dei siste to åra. Arbeidsløysa går ned, talet læringsplassar aukar, og færre går på tiltak frå NAV. Det er bra, men Venstre meiner vi treng ei stadig sterkare satsing, særleg på dei bedriftene som bidreg med innovasjon og nyskaping.

Venstre har jobba i mange år for å gje dei som vil starte ei ny bedrift betre sosiale rettar. I regjeringsplattforma har vi fått gjennomslag for at sjukepengeordning for sjølvstendig næringsdrivande skal styrkast, slik at den blir meir rettferdig og tek bort noko av risikoen ved å starte for seg sjølv. Fordi Noreg treng dei kloke hovuda som er villige til å satse på noko heilt nytt.

Med Venstre i regjering skal vi no utarbeide ein eigen strategi for små og mellomstore bedrifter. Det inneber betre moglegheiter til å skaffe oppstartskapital, for eksempel gjennom folkefinansiering. Vi har også fått gjennomslag for ei kraftig styrking av klimafondet Nysnø, som gjennom investeringar skal bidra til å redusere klimagassutslepp og akselerere det grøne skiftet. Vestland fylke har naturgjevne føresetnader for å ta ei leiande rolle i det grøne skiftet og vi har eit næringsliv som allereie har kome langt i å ta den posisjonen. Regjeringa sin strategi nasjonalt og med Vestland Venstre sin politikk regionalt, så gjer vi næringslivet på Vestlandet endå betre i stand til å skape framtida arbeidsplassar i vår region, i ein internasjonal konkurranse.

Venstre vil skape nye arbeidsplassar over heile landet fordi vi er på lag med framtida.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags