Studiestart må vere rekrutteringsstart!

Av
DEL

LesarbrevMange ferske studentar byrjar no på si utdanning på Høgskulen på Vestlandet både i Førde og i Sogndal. NITO organiserer unge ingeniørar og teknologar og me er opptekne av at studentane våre skal få gode utdanningsløp og verta kvalifiserte for interessante jobbar i Sogn og Fjordane. Målet vårt er at dei skal kunne bidra til busetnad, trivsel, verdiskaping og ei berekraftig utvikling.

Dersom me skal lukkast med det så må utdanningsinstitusjonane samarbeide med næringslivet og verksemdene våre må delta aktivt i utdanningsløpet. Det må skapast ein felles arena for læring, nytenking og utvikling for me har mykje å lære av kvarandre.

Eit døme på dette er bacheloroppgåver for næringslivet der studentar skriv oppgåver for lokale og regionale verksemder. Til dømes så har studentar jobba med løysingar for betre styring av vakuumsystem for pakking av fisk i fiskeindustrien i Kalvåg og automatisering av smelteomnslokk til verksindustrien i Årdal. Dette er vinn-vinn: Studentane får relevant røynsle frå næringslivet og verksemdene vert kjent med potensielle nytilsette og deira kunnskap.

Difor treng me fleire tilgjengelege bacheloroppgåver innan område som til dømes automasjon, elkraft og bygg- og anlegg. NITO vil utfordre både næringsliv og utdanningsinstitusjonane til å styrke samarbeidet i utdanningsløpet. Dette er ei god oppskrift for å få fleire nyutdanna til å bli i regionen og til å skapa framtidas arbeidsplassar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags