Satsar vi på dei unge i politikken?

FÅ UNDER 40: Fire  av 26 kumulerte er under 40 år. Eg er ganske sikker på at det stemmer dårleg overeins med befolkningssammensetninga i Sunnfjord kommune., skriv Martin Savland.  skriv Martin Savland.

FÅ UNDER 40: Fire av 26 kumulerte er under 40 år. Eg er ganske sikker på at det stemmer dårleg overeins med befolkningssammensetninga i Sunnfjord kommune., skriv Martin Savland. skriv Martin Savland. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Vi nærmar oss Sunnfjord kommune sitt første kommuneval, og heldigvis er listene frå dei ulike partia klare. Som Høgre sin yngste representant og som representant for dei mellom 18 til 35 år, har eg sett litt ekstra på listene, og kor mange i min generasjon som står høgt oppe på kommunelistene.

I Høgre er eg einaste kandidat under 30 år og eg er nr. 25 på lista. I dei andre partia er det berre eitt parti som har kumulert ein ungdomskandidat. Arbeidarpartiet har ungdomskandidaten som er kumulert på 5.-plass og dermed er sikra ein plass i AP gruppa. Så utgangspunktet før veljarane set sine kryss er det berre ein plass som er sikra for oss under 30. Elles har Arbeidarpartiet kumulert ein til under 40 år og Høgre har ein på 40 år som er kumulert. Raudt sin andrekandidat er også født etter 1980. Det betyr at 4 av 26 kumulerte er under 40 år. Eg er ganske sikker på at det stemmer dårleg overeins med befolkningssammensetninga i Sunnfjord kommune.

Det var eit viktig mål å styrke lokaldemokratiet. Ein viktig del av å styrke lokaldemokratiet må vere at ulike grupper er representert. Skal vi få unge folk til å flytte heim, er det viktig at dei som bestemmer i kommunen kjenner til yngre folk sine utfordringar, fordi dei er frå same aldersgruppe. Det er viktig at kommunen er/blir ein moderne kommune som er opptatt av å sjå framover.

Å velje politikk som ung/unge vaksne i dag er utfordrande. Man har ofte hundrevis av ting man vil gjere, og det er ofte andre ting som står i folk sin fokus, som karriere, barn eller sjølvrealisering. Derfor er det svært vanskeleg å få unge folk til å takke JA til å stå på lista og gjere ein innsats for lokaldemokratiet. Dette fører ofte til at listene blir sett opp med eldre kandidatar og yngre folk får mindre påverkingskraft i saker som angår dei.

Men her kjem den gode nyheita: Det er veljarane i Sunnfjord kommune som bestemmer kven som blir valt inn. Eg vil derfor oppfordre veljarane både i Sunnfjord og andre kommunar å røyste fram unge kandidatar på kommunelista. Slik at Sunnfjord sitt aller første kommunestyre blir representert av folk i alle aldrar.

Sunnfjord kommune har ein del utfordringar, men vi har utruleg mange moglegheiter. Eg håper både eg og andre unge vaksne får vere med å styre kommunen dei neste fire åra. Vi må tørre å ha eit kommunestyret som ser nye idear og ønskjer utvikling i kommunen. Då treng vi både eldre representantar med god kjennskap til historia, og yngre som vil tenke nye tankar. Då trur eg Sunnfjord blir på sitt aller beste.

Eg står derfor på val for Høgre, fordi eg trur Olve Grotle er den rette mannen til å styre kommunen dei neste fire åra. Som ung tillitsvald i Høgre, har eg påverka partiet til å ha med mange ting i programmet. F.eks. At vi skal legge til rette for fleire studentbustader, At alle kommunale anbod innan 2030 skal ha miljøkrav. Til slutt legge til rette for at frivillige organisasjonar sitt arbeid med inkludering av flyktningar, vert støtta.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags