Vestland skal bli best på lærlingar!

Av
DEL

Meiningar

Uansett korleis vi snur og vender på det, er Vestland eit stort fylke med ein krevjande geografi. Utdanning og kompetanse vil vere eit viktig grunnlag for vekst og verdiskaping i heile det nye fylket vårt. I dette arbeidet er dei vidaregåande skulane særs viktige! Vi har sett verdien av at vi har ein desentralisert skulestruktur.

Dette fell litt i bakgrunnen i debatten om fritt skuleval, som etter vårt syn mangla nokre viktige nyansar. I denne debatten er ein oppteken av at elevane skal få velja kva vidaregåande skule dei ønskjer å gå på, og der viktigheita med yrkesfag blir gløymd. For det er viktig å peike på at vidaregåande opplæring inkluderer både dei studieførebuande og dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.

Først vil vi presisere at alle ungdomar har rett til å velje kva utdanning dei ønskjer, og at denne utdanninga er med på å opne dører for verda og framtida. Å velje utdanning inneber å kunne planlegge, utvikle og styre sin eigen karriere, også innanfor yrkesfag.

I vårt innlegg ønskjer vi å ha fokus på yrkesfaga og fagopplæringa. Dei yrkesfaglege utdanningsprogramma skal ruste elevane og lærlingane til å møte arbeidslivet med relevant fag- og yrkeskompetanse.

Næringslivet og offentleg sektor spør etter fleire fagarbeidarar. I NHO sitt kompetansebarometer (NIFU, 2018) svarar dei fleste medlemsbedriftene at dei har behov for arbeidskraft med fag og yrkesopplæring og fagskuleutdanningar dei neste 5 åra.

Den vidaregåande opplæringa må legge til rette for å møte denne utfordringa. Difor må det satsast meir på yrkesfaglege studieretningar!

Dersom vi skal klare å utdanne tilstrekkeleg med kvalifiserte fagarbeidarar for å stette behova, må både det private næringslivet og offentleg sektor opprette langt fleire læreplassar i framtida. Arbeidarpartiet vil samarbeide med verksemder i privat og offentleg sektor om ein læreplassgaranti for alle elevar som vel yrkesfag i den vidaregåande skulen. Saman med kommunane skal Arbeidarpartiet arbeide for å nå målet om minst to lærlingar per 1000 innbyggarar per år. Dette er ei viktig målsetting for at alle som ønskjer skal få ein læreplass.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags