Vi må få fart på Sunnfjord!

F.v. Elias Slåtten, Elisabeth Kjerstad Bøe, Atle Hamar, Gunn Merete Paulsen og Åge Avedal.

F.v. Elias Slåtten, Elisabeth Kjerstad Bøe, Atle Hamar, Gunn Merete Paulsen og Åge Avedal. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFolketalsveksten i det som skal bli Sunnfjord kommune har stagnert dei siste åra, etter mange tiår med vekst. Vi vert raskt fleire eldre og mange av ungdomane våre flyttar ut. Den gode utviklinga er i ferd med å stoppe opp. Denne trenden vil Sunnfjord Venstre snu. Vi vil få fart på Sunnfjord att!

Sunnfjord kommune har eit godt utgangspunkt for å lukkast i framtida. Vi har eit solid næringsliv, gode bu- og oppvekstforhold og mange engasjerte innbyggjarar. Likevel viser folketalsstatistikkane at veksten nærmast har stogga opp dei siste åra. Skal regionen vår vekse i framtida og vere den motoren vi treng, må vi ta grep no.

Sunnfjord Venstre har nyleg vedtatt valprogram for 2020 til 2023, under tittelen «Få fart på Sunnfjord!». Vi meiner vekst i Sunnfjord er avgjerande for både kvaliteten i dei offentlege tenestene og arbeids- og næringslivet. Jobb nummer ein for nye Sunnfjord kommune er folketalsvekst. Vi må få folk og næringsliv til å etablere seg i heile kommunen.

For å lukkast må kommunen bli framtidsretta og betre på å profilere seg. Kommunen må ta rolla som samfunnsutviklar og innimellom tørre å satse. Vi må vere synlege nasjonalt og få staten til å satse på oss, mellom anna gjennom fleire statlege arbeidsplassar. Vi må òg ta ein tydeleg posisjon i nye Vestland fylke. Førde må få same status som Bergen har i Hordaland i dag.

Skal vi få fart på Sunnfjord må vi skape gode oppvekstvilkår for barn og unge. Vi skal sikre dette for dei som bur her i dag og vere attraktiv for familiar som vil flytte hit. Gode barnehagar og skular, rike fritidstilbod og trygge lokalsamfunn er viktige kvalitetar å satse på.

Mangelen på ledig tomteareal er ei stor utfordring i den nye kommunen. Vi må sikre nok tomter og attraktive bumiljø som stettar alle behov, både i bysentrum, tettstadane og grendene. Attraktive bumiljø handlar også om at du som er innbyggjar får engasjere deg og komme til orde.

Skal vi få fart på Sunnfjord må vi legge til rette slik at næringslivet utviklar seg i forkant av samfunnsendringane. Derfor må vi satse på teknologi, forretningsmodellar og tenester som tek oss inn i framtida. Sunnfjord må ha ein variert og inkluderande arbeidsmarknad, med både offentlege og private arbeidsplassar. Skal vi fylle behovet for arbeidskraft må vi også legge til rette for at fleire arbeidsinnvandrarar kan busette seg og jobbe i regionen vår.

Sunnfjord Venstre vil også få fart på og styrke frivillig sektor. Kultur, idrett og friluftsliv er viktig for samhald, inkludering, meistring og folkehelse. Vi må sikre kulturtilboda innan teater, dans, musikk og kunst, og løfte arbeidet med kulturminne. Vi meiner Førde må ta tydeleg posisjon som nynorskhovudstaden i Noreg!

Vi må satse på lågterskeltilbod som gir god folkehelse og ha helse- og omsorgstenester med høg kvalitet. Det blir viktig å få på plass velferdsteknologi og sikre at brukarar og pårørande får medverknad og individuell tilpassing. Sentralsjukehuset i Førde er svært viktig både som regional helseinstitusjon og som arbeidsplass. Derfor må vi sikre spesialisthelsetenestene ved sjukehuset.

I Sunnfjord kommune skal du kunne ferdast trygt både som bilist og som gåande eller syklande. Derfor må vi få fart på arbeidet med rassikring og utbetring av bil-, sykkel og gangvegane. Sunnfjord Venstre vil styrke kollektivtilbodet og bidra til nye løysingar for å redusere transportbehovet ved dagpendling.

Vi må jobbe i lag for ei berekraftig utvikling også for framtidige generasjonar. Dette må ligge i botn for alt vi gjer. Sunnfjord kommune skal ha høge ambisjonar for å redusere klimagassutslepp. Vi må ta vare på naturen og gjere det lettare for innbyggjarane å ta ansvar for miljøet.

Som politikarar lovar vi å ta modige og ansvarlege grep for å få fart på Sunnfjord. Men vi treng hjelp frå alle dykk for å lukkast. Ved å stemme på Venstre gjev de ei stemme til alle gründarar, lærarar, bønder, omsorgsarbeidarar, frivillige, bedriftsleiarar, studentar, barnehagetilsette, kulturarbeidarar, tømrarar, miljøengasjerte og alle andre som har framtidstru på nye Sunnfjord kommune!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags