Det trengst fleire parti å stemme på i Sunnfjord kommune

Jorunn Eide Kirketeig.

Jorunn Eide Kirketeig. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet trengst fleire parti å stemme på i Sunnfjord kommune. Det er plass til både kvinner og menn som bryr seg.

Eg har stor respekt for alle dei som stille og roleg teke steget til sides, og overlate politikken til andre.

Men må det vere slik?

Alt som skal til er fire engasjerte kvinner og menn og 300 underskrifter, så kan det skipast eit nytt politisk parti å stemme på i Sunnfjord kommune. Eg vil at du skal bli med på dette!

Politiske prosjekt for heile Sunnfjord er det nok å ta av og fire år i politikken går fort. Styrken i eit nytt parti er fridomen til å velje seg eit lite tal politiske prosjekt som engasjerer, og som vi meiner er aller viktigast for framtida til den nye kommunen. Mine forslag for å starte ein god debatt er:

Nye parti er på godt og vondt. Erfaring syner at dei lever ikkje evig. Men dei startar med ubrukte ark, dei representerer noko nytt, og mange treng slike rørsler for å få ny tru på lokalpolitikken. Det nye partiet må få så mange stemmer at det kan påverke gjennom samarbeid med dei fleste andre parti. Partiet kan stille med eller utan ordførarkandidat, men skal vere «jokeren» som sikrar den ordføraren vi vil ha.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags