Viktig å ikkje vere orientert!

Av
DEL

LesarbrevSV har ved fleire høve prøva å få planane for mineralutvinning på Engebø opp som orienteringssak i Fellesnemnda for Sunnfjord kommune. Vi har sendt brev til leiaren i nemnda, vi har stilt spørsmål og interpellert. I siste møte i nemnda, den 12.6.19 røysta eit stort fleirtal på 14 (Ap, KrF, H og Sp. V møtte ikkje) mot å ta opp eit forslag om å bli orientert og få søknad om driftskonsesjon på høyring.

I mandatet for fellesnemnda heiter det mellom anna at spørsmål som kan ha noko å seie for den nye kommunen bør drøftast i fellesnemnda. Vidare at nemnda kan uttale seg om saker som er til handsaming i dei fire kommunane når sakene blir vurdert å ha noko å seie for den nye kommunen. Og det, i denne samanhengen, det viktigaste punktet: Fellesnemnda har eit spesielt ansvar for å vurdere saker med økonomiske og arealpolitiske konsekvensar.

Få saker kan ha så store konsekvensar som planar om mineralutvinning, både for økonomi, miljø og for bruk av areal både i sjøen og på land.

Eg må no slå fast at fellesnemnda ikkje vil følgje sitt eige mandat, og at det for nokon har vorte svært viktig å unngå at det vert orientert om planane for mineralutvinning i Engebøfjellet. Eg kan berre spekulere i grunnane, for fellesnemnda sa ikkje noko om det.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags