Vi vil bygge ein sterk og slagkraftig kommune

Vårt mål i forhandlingane var å finne løysingar som er til det beste for Sunnfjord kommune. Det meiner vi at vi har gjort, skriv artikkelforfattarane. Ein av dei er Rune Hegrenes, Sp, (bildet) på veg ut av forhandlingsmøtet med Ap etter valet 10. september..

Vårt mål i forhandlingane var å finne løysingar som er til det beste for Sunnfjord kommune. Det meiner vi at vi har gjort, skriv artikkelforfattarane. Ein av dei er Rune Hegrenes, Sp, (bildet) på veg ut av forhandlingsmøtet med Ap etter valet 10. september.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevHøgre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Miljøpartiet dei Grøne i Sunnfjord gjorde etter kommunevalet avtale om eit samarbeid. I avtalen blei det slått fast at varaordførar skal vere ei heil stilling. Godtgjersle for varaordførar var aldri ein del av våre forhandlingar. For vår del har det heile tida vore klart at det er det nye kommunestyret som skal fastsetje godtgjersla

Avtalen mellom dei fem partia har til dels hausta mediestorm, og vi tek kritikk på at vi ikkje på tidlegare tidspunkt kom med ei tydeleggjering som gjeld mellom anna varaordførar si rolle og godtgjersle. Desse to tinga må sjølvsagt sjåast i samanheng.

For å komme i møte dei spørsmåla som har kome etter avtalen vart kjent, har ein no lagt fram eit forslag om at varaordførar får ei godtgjersle på 75 % av ordførar si løn. Sunnfjord kommune vil med dette legge seg på same praksis som Vestland fylkeskommune. Eit reknestykke som er presentert viser at dette inneber 945.000 kroner før reduksjon for godtgjersle knytt til andre offentlege verv. For varaordførar sin del vil dette mellom anna handle om godtgjersle knytt til verv i Vestland fylkeskommune.

At parti set seg saman etter eit val for å forhandle fram løysingar i lag er heilt ordinær praksis. For vår del var vi alle opptatt av å ha stor politisk kapasitet inn i den nye kommunen. Sunnfjord kommune går inn i ei krevjande tid, der fire kommunar skal bli ein, samtidig med at det blir nye fylkesgrenser. Alle dei fem partia ser at det krevst stor innsats for å vere tett på administrasjonen og leggje til rette for gode tenester i den nye kommunen.

Skal Sunnfjord kommune få realisert viktige vegprosjekt, fleire statlege arbeidsplassar og meir midlar til mellom anna breiband og rassikring må det jobbast hardt inn mot dei politiske miljøa spesielt i Bergen og Oslo. Skal Sunnfjord kommune få ein god start, sikre tenestene og ha nok arbeidskraft i offentleg sektor og næringsliv, må vi jobbe godt både innan eigen kommune og utover mot staten og fylkeskommunen.

Sunnfjord kommune skal gjennom ei stor omstilling der fire kommunar med sine kulturar og miljø skal bli ein. Vi skal òg omstille kommunen vår i ei tid med store globale utfordringar knytt til klimaendringar, sentralisering og folkeforflyttingar. Dette er utfordringar vi må finne gode svar på lokalt.

Høgre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Miljøpartiet dei Grøne er klare til å ta tak i utfordringane og jobben som skal gjerast i kommunen, i Vestland fylke og nasjonalt. Eit av grepa vi gjer er å bygge stor politisk kapasitet ved å ha ordførar og varaordførar i heil stilling. Denne modellen har vore på bordet både i forhandlingar og i sonderingar og vi har oppfatta at det har vore stor politiske semje om at det er behov for meir politisk kapasitet inn i styringa av kommunen.

Vårt mål i forhandlingane var å finne løysingar som er til det beste for Sunnfjord kommune. Det meiner vi at vi har gjort. Med Olve Grotle og Jenny Følling får Sunnfjord ein ordførar og ein varaordførar i heile stillingar der begge har stor kunnskap, viktige nettverk, gjennomslagskraft og lang røynsle som politikarar. Det er ein situasjon mange bør misunne oss.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags