Tiltrua sett på spel – start på nytt!

TILTRU: Det er ikkje berre tiltrua til dei partia som har gjort avtale som bryt med vedtak det går utover. Men tiltrua til heile systemet og til alle folkevalde, skriv artikelforfattaren. 
 Vi sr Olve Grotle (H) og Jenny Følling (Sp) på veg ut av forhandlingane der det mellom anna vart avtalt varaordførar i 100 prosent stilling.

TILTRU: Det er ikkje berre tiltrua til dei partia som har gjort avtale som bryt med vedtak det går utover. Men tiltrua til heile systemet og til alle folkevalde, skriv artikelforfattaren. Vi sr Olve Grotle (H) og Jenny Følling (Sp) på veg ut av forhandlingane der det mellom anna vart avtalt varaordførar i 100 prosent stilling. Foto:

Av
DEL

LesarbrevOm val av ordførar og varaordførar i Sunnfjord kommune

Eg skriv dette innlegget fordi eg var leiar i «Prosjektgruppa – politisk organisering» i fellesnemnda for dei fire kommunane som skal slå seg saman til Sunnfjord kommune. Det var prosjektgruppa som arbeidde med, og la fram forslag til «Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår i Sunnfjord kommune». I gruppa var alle dei fire ordførarane med og alle parti i fellesnemnda var representert, Ap, Sp, V, Kr. F og SV.

I samband med forhandlingar om posisjonane som ordførar og varaordførar er det no gjort avtale som bryt med det vedtekne reglementet. Reglementet inneheld satsar for godtgjersla til både ordførar, varaordførar og dei andre i kommunestyret. Det vart samrøystes vedteke på møte i fellesnemnda den 14.11.2018. Når det vart gjort så tidleg var det fordi dei som stilte til val skulle vite kva dei gjekk til, både med arbeidsoppgåver og økonomi. Etter dette har saka ikkje vorte teke opp av nokon, korkje i fellesnemnda eller i den prosjektgruppa som hadde sitt siste møte den 2.9.2019, altså ei veke før valdagen.

Prosjektgruppa bygde det fyrste framlegget sitt på at dei folkevalde, i tillegg til å få dekka direkte utgifter og tap av arbeidsinntekt, også skal få godtgjersle for arbeidet. Dette slår kommunelova klart fast, men det er kommunestyret som vedtek satsane. I denne samanhengen fellesnemnda. Vidare var gruppa opptekne av at ein ny og større kommune ville gje meirarbeid for dei folkevalde. Og gruppa ville sikre rekruttering. Difor gjorde nemnda framlegg om auke i godtgjerslene i høve til det dei har vore i dei fire kommunane. Førde kommune sine satsar var utgangspunktet.

For ordførar foreslo vi 90 prosent av statsrådsløn (1,2 mill.kr). Det var ein auke i høve Førde sin sats som var 80 prosent. Vi foreslo vidare at varaordførar skulle få 40 % av ordførargodtgjersla (490.000 kr), ein auke frå 15 % av ordførargodtgjersla. Auken vart foreslått fordi ein såg at det ville verte meir arbeid i ein ny og større kommune, også for varaordføraren.

Etter at framlegget vart kjent kom det reaksjonar. Eg tok opp i gruppa om vi skulle justere ned satsane. Det ville ikkje gruppa.

Då framlegget vart handsama i fellesnemnda (17.10.18) kom det reaksjonar på satsane frå fleire hald, også frå representantar for Senterpartiet. Nemnda vedtok samrøystes å sende saka attende til prosjektgruppa. Fellesnemnda ville ha vurdert «forholdet i godtgjersle mellom medlemmene i formannskapet og resten av kommunestyret.»

Åsmund Berthelsen

Åsmund Berthelsen Foto:

Prosjektgruppa hadde nytt møte og utarbeidde eit nytt, samrøystes framlegg, der godtgjersla til varaordførar vart redusert frå 40 til 30 prosent av ordførargodtgjersla (370.000). Det var ingen forslag om høgare prosent for varaordførar eller at det skulle vere full stilling.

Framlegget frå prosjektgruppa vart handsama i fellesnemnda den 14.11.18 der det vart samrøystes vedteke.

Saka har etter det ikkje vore handsama korkje i prosjektgruppa eller i fellesnemnda, før den dukka opp i samband med forhandlingane om posisjonar i det nye Sunnfjord kommunestyre. Etter det eg skjønar har Sp, H, MDG, V og Kr. F gjort avtale om at varaordførar skal ha full stilling (100 %), men at godtgjersle/løn ikkje er endeleg avtala. Eg reknar med at det ligg høgare enn 30 % av ordførargodtgjersla.

Avtala bryt med det som er vedteke samrøystes i fellesnemnda, og det som står i gjeldande reglement. Eg meiner det vert heilt feil og at avtala ikkje kan vere gyldig. Ingen burde ha gått inn på å forhandle om dette. Sp har det fulle og heile ansvaret for at det vart eit tema i forhandlingane. Eg oppmodar difor om å starte på nytt og forhandle på grunnlag av dei vedtak som er gjort om dette i fellesnemnda.

Det er ikkje berre tiltrua til dei partia som har gjort avtale som bryt med vedtak det går utover. Men tiltrua til heile systemet og til alle folkevalde.

Dette vart ein veldig dårleg start for Sunnfjord kommune. Leiaren i fellesnemnda og ordførarkandidaten til Høgre, Olve Grotle, har understreka at samarbeid er svært viktig for det vidare arbeidet. Og han har gjort ein svært god jobb som leiar i fellesnemnda. Det som har skjedd i forhandlingar om posisjonar bryt med dette. Å bryte vedtak som er gjort utan at det er handsama er ikkje ein invitasjon til samarbeid.

Både prosjektgruppa og fellesnemnda såg at det ville og kunne bli endringar når ein fekk erfaring med arbeidet i den nye kommunen. Difor heiter det i vedtaket i fellesnemnda at «folkevalde sine arbeidsvilkår bør evaluerast innan utgangen av 2022.
Vert avtala ståande vil alt med godtgjersle kome opp att, og då må ein sjå på alt på nytt, ikkje berre godtgjersle til varaordførar.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags