Pinleg ordførarval i Sunnfjord!

Av
DEL

Lesarbrev

Sunnfjord SV vil gratulere Olve Grotle som ordførar i Sunnfjord kommune, men tykkjer prosessen har vore direkte pinleg og at den dessverre vil kunne auke politikarforakta.

Og grunnen til det er sjølvsagt at partia i ordførarkonstellasjonen i seine nattetimar med eit knips har gått vekk frå det som alle parti i fjor var einige om, at varaordførarstillinga i nye Sunnfjord kommune skulle vere på 30 % , ja Senterpartiet var det partiet som sterkast argumenterte mot ei høgare prosentstilling!

No argumenterer Senterpartiet og Høgre med at tanken om varaordførar i heil stilling har modnast. Men kvifor vart ikkje det løfta fram i valkampen som ei viktig sak , om korleis den politiske administrasjonen av den nye kommunen skal vere ? Meiner ordførar og varaordførar at det er slik viktige politiske spørsmål skal handsamast, i lukka møte seine nattetimar, utan ei forsvarleg sakshandsaming?

Då er AP og SV si tilnærming ein mykje meir fornuftig prosess: varaordførar i 50 % stilling. Så vil ein etter kvart sjå om behovet er større, og løfte saka fram i det nye kommunestyret, der behovet er utgreidd, inndekning funne, og der ein kan gjere vedtak etter ein open politisk debatt. Det er ingen som utelukkar at det kan vere behov for ein varaordførar i 100 % stilling, men timinga er mildt sagt spesiell!

Og kjære Senterparti og Høgre: slutt med dei pinlege bortforklaringane, det er det ingen som trur på likevel !
For ordens skuld: Bergen har ikkje varaordførar i heil stilling, der er posisjonen knytt opp mot leiarverv i ein av komiteane.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags