Ein desentralisert skulestruktur er best for Vestland

Ordførarandidat for Fjaler AP, Leif Jarle Espedal (t.v)  og 2. kandidat for Vestland AP, Arve Helle, vil vidareføre ein desentralisert skulestruktur i nye Vestland fylke.

Ordførarandidat for Fjaler AP, Leif Jarle Espedal (t.v) og 2. kandidat for Vestland AP, Arve Helle, vil vidareføre ein desentralisert skulestruktur i nye Vestland fylke. Foto:

Av
DEL

LesarbrevVestland Arbeidarparti vil halde fast på at ein desentralisert vidaregåande skulestruktur med god breidde i tilboda, slik at opplæringa skal kunne tilbydast i nærleiken av heimstaden til elevane.

Vidaregåande opplæring er ei av dei store samfunnsoppgåvene som er lagt under regional folkevald styring. Å gje ungdom eit godt opplæringstilbod er naturleg nok det viktigaste, men også korleis tilbodet er organisert og drifta er viktig sett i eit distriktspolitisk lys.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjennom si organisering med små- og mellomstore skular gitt eit opplæringstilbod som etter alle parameter og offentleg statistikk har gitt gode resultat over lang tid. Både i høve gjennomføring, resultat og lågt fråfall har vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane lagt i landstoppen.

For Vestland Arbeidarparti vil det vere avgjerande viktig å behalde og vidareføre eit godt tilbod for vidaregåande opplæring, slik at elevane i nye Vestland fylkeskommune får den beste vidaregåande opplæringa i landet. Dette sikrar vi best gjennom eit desentralisert opplæringstilbod som er tilpassa og dimensjonert ut frå fylket sitt spreidde busetnadsmønster og elevgrunnlag.

Eit viktig verkemiddel er å få stoppa etablering av fleire kommersielle privatskular. Bergen og Hordaland har ein av dei aller høgaste andelane privatskuleplassar i landet. Slike privatskular vert drivne med 85 % statleg støtte. Desse pengane vert tekne frå den offentlege skulen. Det betyr at kvar krone som går til ein kommersiell privatskule kunne vore brukt på fellesskulen. Berre for Hordaland utgjer denne summen i år over 140 millionar kroner.

Vestland Arbeidarparti sitt program er tydeleg på at vi ønskjer inntaksregionar i Vestland fylke. Dette vil vi gjere for å sikre at ungdommane får sjansen til å ta utdanning på nærskulen, samstundes med at det vil vere viktig for å sikre ein desentralisert skulestruktur i Vestland fylke.

Dette standpunktet er godt forankra i Arbeidarpartiet sitt distriktspolitiske manifest som vart vedteke på landsmøtet i vår. Her vert det understreka at så få 16-åringar som mogeleg skal ut på hybeltilvære, dersom dei ikkje ønskjer det sjølve.

Å tilby vidaregåande opplæring ut ifrå ein desentralisert modell gjev ungdommen tryggleik i eigne lokalsamfunn. Vidare spelar nærskulen ei svært viktig rolle for å gje ei god fag- og yrkesopplæring som er tilpassa lokalt næringsliv. For rekruttering av fagarbeidarar til privat og offentleg næringsliv er den lokale modellen etter vårt syn den klart beste.

At færrast mogeleg må på hybel er ikkje berre viktig for den einskilde elev, men også for lokalsamfunnet. Det er i desse åra tilknytinga til heimstaden i stor grad vert forma. Mange ungdommar er aktive i idrett og andre fritidsaktivitetar, og fleire av dei får gjerne sine første tillitsverv i ulike organisasjonar. Det er slike ting som skapar identitet. Vidare tek mange ungdommar jobb på kveld og helg i butikkar, på sjukeheimar osv. Dette er ein god måte å bli kjent med lokale arbeidsplassar på, samstundes som det er særs viktig arbeidskraft som ikkje er råd å erstatte om ungdommane må flytte på hybel.

Vestland Arbeidarparti vil difor halde fast på ein desentralisert skulestruktur for vidaregåande opplæring, der dei elevane som ønskjer det skal ha tilbod om utdanning ved sin eigen nærskule.

Arve Helle
2.-kandidat for Vestland Ap

Leif Jarle Espedal
Ordførarkandidat for Fjaler Ap

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags