Vil ha Vestland skatteparadisfri

Av
DEL

LesarbrevStore multinasjonale selskap og superrike einskildpersonar gøymer vekk store verdiar i såkalla skatteparadis. Dei såkalla skatteparadisa er difor ein sentral kjelde til aukande økonomisk ulikskap og fattigdom i verda.

Medierapportane «Secrecy for Sale', 'Panama Papers» og «Paradise Papers» har i nyare tid synt omverda ein liten del av lureriet som vert nytta av mange superrike for å skjule inntekt og formue, slik at dei kan unngå å betale skatt.

Eit anna ord for skatteparadis er skatteskjul, og det er eigentleg eit betre ord for å omtale dette fenomenet. Raudt ønskjer å opprette eit ope register for alle eigentlege eigarar bak alle selskap og juridiske konstruksjonar som opererer i Noreg. Raudt går vidare inn for at alle selskap må omfattast av kravet til land-for-land-rapportering, som går ut på at eit selskap må rapportere inntekter, utgifter, forteneste, skatt og tal på tilsette for kvart land som dei opererer i. Vidare går Raudt inn for at Oljefondet vert trekt ut av selskap som nyttar skatteskjul.

Kampen mot skatteparadis både kan og bør òg førast lokalt. I Danmark bur nesten kvar fjerde innbyggjar i ein erklært «skattelyfri kommune». Organisasjonen Attac Norge har i fleire år oppmoda alle kommunar og fylkeskommunar til å bli det dei kallar for «skatteparadisfrie», og fleire norske kommunar har gjort eit slikt vedtak. Vestland fylkeskommune bør vere ein fylkeskommune som tek avstand frå skatteparadis ved å gjere vedtak om å ikkje gjere forretningar med selskap som nyttar skatteparadis.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags