DEBATT: Pensjon frå første krone – nok ein gong

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Av ein eller anna merkeleg grunn har Arbeiderpartiet valt å fyre laus på Senterpartiet i ei sak me røysta saman og har same mål, heller enn på regjeringspartia som er sterkt i mot forslaget. Forstå det den som kan. At Senterpartiet først røysta for vårt eige forslag, som me meiner er betre, er vel lite å kritisere?

Senterpartiet la fram følgjande forslag: «Stortinget ber regjeringen legge fram forslag som gjennomfører prinsippet om pensjon fra første krone. Denne endringen skal forberedes av et partssammensatt utvalg som ivaretar dette prinsippet». 

Det er altså heilt tydeleg i vårt forslag at vi stør prinsippet om pensjon frå første krone og at regjeringa blir bedt om å legge fram forslag som gjennomfører dette. Så ville det vorte opp til eit partssamansett utval å førebu saka, og mellom anna syte for at administrasjonskostnadane ved innbetaling av pensjon for alle arbeidstakarar vert haldne låge (slik at pensjonsutbetalingane ikkje forsvinn ut ved innbetaling av administrasjonskostnader for enkelte arbeidstakarar), at ein finn løysingar for korleis auka kostnader for ulike bedrifter og bransjar skal handterast og korleis staten kan bidra på ein best mogeleg måte ved gjennomføring av endringa. Det burde jo vere klokt at Stortinget slår tydeleg fast at fagrørsla gjennom trepartssamarbeidet har ei hand med på rattet når endringa som sikrar prinsippet om pensjon frå første krone skal førebuast.

Dersom Stortinget hadde røysta for Sp sitt forslag ville regjeringa fått ei klår bestilling om å legge fram forslag som gjennomfører prinsippet om pensjon frå første krone. Ein måtte då ha kome med forslag om endring av lover og vilkår som avgrensar dette i dag. Forslaget frå Ap, SV, MDG og Raudt («Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å endre lov om obligatorisk tjenestepensjon slik at pensjonssparing starter fra første opptjente krone.») inneheldt kun bestilling til regjeringa om å endre ei konkret lov (lov om obligatorisk tenestepensjon), medan andre lover der det også ligg inne avgrensingar i dag (slik som lov om innskotspensjon i arbeidsforhold) ikkje vart nemnde. Også av denne grunn meinte vi dette var eit dårlegare forslag enn vårt eige, men vi valde å støtte det subsidiært etter at vårt eige forslag diverre vart røysta ned.

Eg vil oppmode Arbeiderpartiet til å samarbeide med Senterpartiet for å endre retninga på politikken både i denne og andre viktige saker der me står saman mot høgrekreftene, heller enn å drive polemikk og spreie eit inntrykk som ikkje er i tråd med røyndomen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags