Venstre si opning for surrogati

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.KrF ønskjer ikkje eit samfunn der barn blir gjort til ei vare, og kvinnekroppen blir redusert til ei produksjonseining. Dette handlar om å sette barn først.

Som første parti gjekk Venstre inn for å opne for ikkje-kommersiell surrogati. Ei formulering om å tillate surrogati har og fått støtte av programkomiteen til FrP. Forslaget betyr at ein ønksjer å opne for at surrogatmødre kan bære fram andre sine barn. Dette er radikalt men må takast på alvor, fordi det vitnar om ei haldning der foreldreskap og synet på barn blir utfordra. Framfor å vere ei gåve blir barn eit produkt – noko som kan bestillast. Opninga for surrogati er verken praktisk eller etisk haldbar.

Ei slik opning vil stille oss ovanfor nye dilemma. For kven er mor når eit barn potensielt kan ha tre mødre? Er det ho som fødte barnet? Ho som donerte egget? Eller ho som er saman med far? Sjølvsagt kan ei innvende at det fins ulike familiekonstellasjonar. Utfordringa er at dette forslaget aktivt vil legge til rette for at synet på barn og mor blir endra.

Frå USA og andre land som har hatt ein liknande praksis allereie kjenner vi fleire saker som får fram kompleksiteten. Eit døme er «Baby-X»-saka der surrogatmor og kommande far og mor hamna i konflikt fordi surrogatmor kjente ei forplikting ovanfor den nyfødde jenta og ønska å behalde henne. Nyleg har det og komme fram historier som viser kor vanskeleg den motsette problematikken kan vere; dei rike vestlege var ikkje fornøgde med barnet surrogatmor i India bar fram og ville ikkje ha det. Surrogati er og blir etisk utfordrande.

Venstre sitt framlegg er framfor alt og praktisk utfordrande. For korleis regulerer ein kva som er ikkje-kommersiell surrogati? På papiret kan det verke enkelt å seie at venninner eller søstre kan hjelpe ei ufrivillig barnlaus mor å bære fram barnet. Men ser ein nærmare på forslaget blir det vanskelegare. For når går noko over frå å vere kommersielt eller ikkje? Kor mange ferieturar kan ein spandere på surrogatmor før det er kommersielt?

Vi bør merke oss Tore Strømøy sin advarsel for å opne for surrogati. Han, framfor nokon, har klart å få fram kor viktig det er for mange av oss å kjenne til kvar vi kjem frå. Han har uttalt at «Vi er i en tid med mye rotløshet med flytting og familier som splittes opp. Derfor har mange behov for å vite hvor en kommer fra, kjenne tilhørighet og være stolt over sine røtter. Jeg tror det bare blir mer og mer viktig».

KrF set barn først. Vi kjem til å halde fram kampen for at barn sine rettar skal komme først i etiske spørsmål som spørsmålet om surrogati.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags