Populisme ikkje eigna til å styre samfunnet

Jan Magne Herstad.

Jan Magne Herstad. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI sak etter sak ser vi at den politiske populismen tek overhand i styringa av viktige saker både lokalt og nasjonalt. Førdepakken, Engebøprosjektet og vindmøller er døme på dette. Folk må sjølvsagt få meine kva dei vil om slike saker. Men dei slepp å ta konsekvensen av sine svært ofte ufullstendige løysingar. Dette lyt politikarane lære seg å takle og evne å stole meir på sine eigne planar og prosessar.

Politikarar, kommunestyre og storting er valt for å styre, setje seg langt grundigare inn i dei ulike saken enn vi andre treng gjere og å ta beslutningar på bakgrunn av dette. Vingling i etterkant fører kun til to ting, gjennoføringskrafta blir pulverisert og det kostar samfunnet mykje unødige ressursbruk både i tid og pengar.

Sjølvsagt er det ikkje enkelt å vere politikar i dag med sosiale media der sanningar langt unna realitetane lever sitt eige liv i eit konglomorat av løgn og halvsannheiter. Saman med riksmedia sitt enorme personfokus, oppblåsing av ofte ubetydlege sidesaker og avsporing av viktige saker treng vi at politikarane har meir «is i magen» og er langt meir standhaftige enn det som er tilfelle i dag. Ein mediadreven debatt om kva slags aksjefond Jonas Gar Støre har i banken er kort sagt tøvet og unødvendig.

Verken Førdepakken, Engebøprosjektet eller vindmøller kan stoppast utan at det får kostbare og uheldige konsekvensar. For vi treng dei sårt alle. Sjølv om vi ikkje skulle like det. Førdepakken sine planar er eit minimum for betring av heilt nødvendig framkommelegheit i sentrum. Engebøprosjektet vil ha stor betydning for kommune, næringsliv og arbeidsplassar lokalt og for utvikling av ei berekraftig mineralnæring nasjonalt. Let det seg gjennomføre vil det gje positive ringverknader og vekst i heile Sunnfjord, spesielt i Førde langt utover det som elles vil skje. Derfor er det med undring ein registrerer at Førdepolitikarane er unisomt samstemte imot å støtte prosessen med å prøve å få til eit stort industriprosjekt i Sunnfjord.

I desse klima og miljøtider verkar det noko forunderleg at vindmøller brått er blitt det verste vi kan tenke oss. Ingen vil ha dei og endå mindre vil vi ha nasjonale planer som kan legge føringar og gje oss betre oversikt over kor desse kan byggast til minst mogeleg ulempe for natur og samfunn. For er det noko som er sikkert, viss vi skal fase ut all fossil energi so er det at vi vil trenge enormt med ny fornybar energi. Vindmøller er ein nødvendig del av denne omstillinga. Fordi det ikkje er verken smart eller mogeleg å skaffe all den energien vi treng frå kun vasskraft. Ny fornybar energi vil måtte komme frå ei rekkje energiberarar. Der både vasskraft-, vind-, sol-, jordvarme-, bio-, og energjiøkonomisering vil bidra til å kunne skaffe nødvendig energi og at ein ikkje skal vere for sårbare viss ein kun har ei kjelde slik mange tek til orde for i ein noko naiv debatt.
Så herre, gje meg politikarar som har tru på seg sjølv og sine vedtekne planar!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags