Fake news i lokalpolitikken?

Lokalaviser.

Lokalaviser.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevFake news er dei engelske orda på fenomenet som no ser ut til å vekse både i tempo og omfang. Eg ser at det kjem inn i sosiale media som Facebook via innlegg og kommentarar og her heime i Sunnfjord.

Her er definisjonen på falske nyheiter frå Wikipedia: «Falske nyheiter er bevisst uriktige eller villeiande opplysningar, for eksempel feilinformasjon og propaganda, som spres i tradisjonelle nyhetskanaler og sosiale medium. I 2017 delte 23 prosent av norske menn og kvinner nyheitssaker i sosiale medium som de seinare fant ut var falske.»

Ifølge avisa BT laurdag 15.7.18 «vil Kulturminister Trine Skei Grande (V) no vedta ei medielov i kampen mot falske nyhende og regulere ansvaret til media gjennom ei ny lov som blant anna gjer det lettare å saksøkje journalistar og redaktørar. Spreiinga av falske nyhende, som den seinaste tida har auka i omfang, er årsaka til at statsråden meiner det er nødvendig med juridiske tiltak.»

Kulturdepartementet sitt Høyringsnotat – «Forslag til lov om redaksjonell uavhengighet og ansvar i redaktørstyrte journalistiske medium» finn ein på regjering.no, og dei politiske partia er med på lista for høyringsinstansar med høyringsfrist er 10.9.18:

Lovforslaget følger opp Jeløyerklæringa kor regjeringa vil «fremme en ny lov om medieansvar der kildevernet og redaktøransvaret vurderes». Høyringsnotatet følger og opp Medieansvarsutvalets utgreiing NOU 2011:12 Ytringsfridom og ansvar i ein ny media kvardag. Målet med forslaget er å støtte dei redaktørstyrte journalistiske massemedia si rolle som garantistar for ein open og opplysande offentleg samtale. Departementet har gått gjennom utviklinga og ser på aktuelle utfordringar på området for ytringsfridom, knytt til mellom anna overvaking, spreiing av propaganda, desinformasjon og hatefulle ytringar på nett. Utgreiinga tek utgangspunkt i at det går eit prinsipielt skilje mellom redaktørstyrte journalistiske massemedia og andre media eller tenester. Når alle kan publisere, så vil informasjon eller meiningsytringar som utgangspunkt ikkje vere ei mangelvare. Tvert i mot, men innhaldet (journalistikk) gjev gjerne ikkje den kvaliteten som er nødvendig for å gi eit godt grunnlag for ein open og opplyst demokratisk samtale. Dette gjer det særleg viktig å støtte opp under redaktørfunksjonen og dei redigerte massemedia si rolle i offentlegheita. Andre media eller tenester – f.eks. sosiale medium, bloggar, private nettside osv. – reiser ikkje på same måte spørsmål om kven som kan eller bør haldast rettsleg ansvarleg for innhaldet. Her er spørsmålet meir å sjå på dei generelle grensene for ytringsfridom.

Det er her i sosiale medium eg meiner vi har eit problem som og treng ei løysing i vår tid, – såkalla «fri flyt av fake news». Alle kan publisere, og då vert det vanskeleg å stole på informasjon som kjem frå ulikt hald. Alle har ansvar sjølv for å sjekke fakta, men mange sjekkar ikkje. Usann bodskap og feilinformasjon delast og spreiast fort på mellom anna Facebook. Men i framlegget til lovteksten så tek ein ikkje stilling til kven som kan eller bør haldast rettsleg ansvarleg for innhaldet i sosiale medium.

Som folkevald sjølv, så finn eg det særs interessant å sjå kor ulikt journalistar kan referere frå same kommunestyre møte. Journalistar er ulike og har sine eigne «brille» som kan legge seg som eit slags filter for den informasjonen som skal fram til lesaren. Kva og korleis journalisten skriv og vinklar ei sak, kan gje eit variabelt resultat og oppfatning hos lesaren. Noko anna er ikkje å vente, ein journalist kan ikkje referere alt som vert sagt, og journalisten kan misforstå eller legge inn ei tolking som vert som eit filter for attgivinga.

Men kva då med folk sitt «snakk» på sosiale media som til dømes Facebook? Kvar og ein av oss er vår eigen «redaktør» for kva vi skriv og delar med omverda i sosiale medium. Ofte kjem eit stort engasjement på diverse Facebook grupper om ulike tema, og debattane rullar og går. Det er her eg no ser at det kjem meir og meir av det eg vil kalle fake news og falsk og uærleg propaganda i fleire saker, også diverse sverting av politiske parti og folkevalde. Eg spør meg sjølv jamleg, er det hjelp i å svare på gjentekne påstandar som ikkje har rot i sanning?

Eg har diskutert problemet med fleire og veit at mange vel å oversjå, dei vil ikkje bruke tid på å svare. Ein kan ende opp i ein uendeleg kommentar-rekke når ein skal kjempe mot sverting og usann propaganda. Men kva inntrykk sit lesarane att med, om ingen tek til motmæle, gje nødvendig korrektiv og seier ifrå i ope rom om at det som blir skreve ikkje er rett? Dette er ikkje bra for eit samfunn som har ytringsfridom, ønskje om eit ope samfunn og eit godt demokratisk styresett.

Det nærmar seg no ein ny valkamp, og då får vi sjå korleis dei som ønskjer å bli folkevalde vel å ytre seg i media, også i sosiale media med innlegg og i kommentarfelt. Demokrati inneber usemje og meiningsmangfald. Folk må sjølvsagt kunne vere offentleg usamde og vi har alle same ytringsfridom. Men kven tek ansvar for oppgjer med fake news? Korleis unngå at fake news får plass i lokal valkamp – kva er svaret på det?

Dei politiske partia er med på lista over høyringsinstansar, så her må vi gjere oss opp ei meining og gje gode innspel til lovarbeidet!

Judith Kapstad, Venstre

Judith Kapstad, Venstre Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags