Vestland treng ein annan start

Av
DEL

MeiningarDen nye fylkeskommunen Vestland blir pressa til å skjere ned 100 millionar kroner kvart år fram til 2023. Det reagerer naturleg nok fylkestingspolitikarane negativt på.

Presset kjem frå den mørkeblå regjeringa, som også har lokka dei same fylkestingspolitikarane til å slå saman fylka våre. Det som gjer politikarane ekstra forbanna, er at dei fylka som ikkje slo seg saman med andre, faktisk får betre økonomi enn dei som slo seg saman.

Det er dessverre grunn til å frykte for dei mindre vidaregåande skulane. Dei har vore i skotlinja før, og skulane i Høyanger og Stryn kan igjen kome på hoggestabben.

Dette kan skje samtidig med at fylkestingspolitikarane i Hordaland, mot Terje Kollbotn frå Raudt si stemme, har vedteke å byggje nytt administrasjonsbygg til 1 milliard kroner (1 000 millionar kroner). Og: Det er bestemt at godtgjerslene til fylkestingspolitikarane skal aukast (også mot Raudt si stemme).

Kampen må førast på to plan. Punkt 1: Med sine smelteverk, sine kraftanlegg, sine oppdrettsanlegg og sin del av oljeverksemda, står Vestland for ein svært stor del av den nasjonale verdiskapinga. Kravet må vere at staten tilbakefører større del av desse verdiane der dei er skapte. Punkt 2: Fylkestingspolitikarane må skrinlegge administrasjonsbygget i Bergen og revurdere godtgjerslene dei løyver til seg sjølve.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags